Hopp til innhold

Vil du bli NRK-journalist?

Då kan det vere lurt å sende ein søknad til NRK Nynorsk Mediesenter.

Nynorsk Mediesenter - Kjersti Hetland
Foto: NRK

NRK Nynorsk mediesenter i Førde søkjer fem engasjerte ungdommar som brukar nynorsk og vil bli journalistar. Praktikantkurset startar 3. januar 2013.

Dei fem utvalde journalistemna får opplæring og praksis over seks månadar.
Dei lærer journalistikk for radio, fjernsyn og internett, og nynorsk mediespråk.

Les meir om opplæringa her: Nynorsk Mediesenter

Søknadsfristen er 15. oktober, så du må snu deg om kjapt!