Hopp til innhold

Vikarkapteinen

HUSAVIK-SANDVIKVÅG: Fiskebåtkaptein Sverre Rabben er sommarvikar på brua mellom Stord og Austevoll. – Det er godt med ei avveksling, seier han.

Sverre Rabben
Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Mange ferjer vert no i sommarmånadane styrt av personer med sommarjobber eller av pensjonistar. For Sverre Rabben er jobben på Husavik-Sandvikvåg eit avbrekk frå den vanlege jobben som kaptein på ein fiskebåt.

– Det er godt med ei avveksling. Og så er det så hyggelege folk som arbeider på ferjene, seier austevollingen.

Full konsentrasjon

MF Marstein går vanlegvis mellom Krokeide og Hufthamar. I dag er det flytta til det andre Austevolls-sambandet. Det er ei rute som kan være verutsatt. Men det er ikkje det som er den største utfordringa for Rabben.

Husavik-Sandvikvåg

– På veg ut og inn til kai må det være full konsentrasjon. Då skal eg ikkje ha nokon distraksjonar på brua.

– Får du oss trygt på land no då?

– Me får sjå. No må eg i alle fall ha fokus på innseglinga til Sandvikvåg.

Dette meiner NRK om Husavik-Sandvikvåg:

Overfart og kaiar: 5

Ikkje den mest spektakulære overfarten, men fint å sjå ut mot Fitjarøyene. Innseglingane til kaiane trekk litt opp.

Husavik-Sandvikvåg

FÅR PLUSS FOR INNSEGLINGANE: Overfarten mellom Austevoll og Fitjar får laber karakter, men innseglingane til kaiane trekk opp.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fartøy: 3

Eg tok reserveferga Marstein, men det er vel mest rettferdig å bedømme MF Herlaug som vanlegvis går på strekninga. Den er frå tidleg 70-tal, utan kafe og med salung under bildekket. Ingen kjem til å sakne den når den forsvinn om ikkje for lang tid.

MF Marstein

RESERVEN: Det er normalt MF Herlaug som går på strekninga, men for tida er MF Marstein sett inn.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Fasilitetar og service: 3

Hyggelege folk om bord, ellers lite som trekk opp. Pluss for sjølvbetjening med kaffe. Minus for at kanna var tom.

Nostalgi og oppleving: 2

Lite nostalgi og inga stor oppleving.

Totalt: 13 (av 40)

Denne karakteren får strekningane:

Denne karakteren får strekningane

Strekning

Overfart,
kaianlegg

Fartøy

Service,
fasilitetar

Nostalgi,
oppleving

Totalt

Utåker-Matre-Skånevik

7

6

8

6

27

Sævrøy-Fedje

8

8

5

5

26

Utbjoa-Fjelberg-Borgundøy-Sydnes

6

4

8

8

26

Halhjem - Våge

6

6

5

5

22

Leirvåg - Sløvåg

7

4

5

5

21

Hjellestad-Bjelkarøy-Lerøy-Klokkarvik

8

3

3

7

21

Kvanndal - Utne

7

6

5

3

21

Krokeide - Hufthamar

4

7

7

2

20

Hatvik - Venjaneset

4

6

6

3

19

Ranavik - Skjersholmane

6

5

5

3

19

Jondal-Tørvikbygd

5

3

6

5

19

Halhjem-Sandvikvåg

4

6

5

3

18

Langevåg-Buavåg

6

5

3

4

18

Gj.hamn-Varaldsøy-Årsnes

4

6

5

3

18

Jektevik-Nordhuglo-Hodnanes

4

6

4

3

17

Duesund-Masfjordnes

5

5

3

4

17

Utne-Kinsarvik

8

3

2

3

16

Husavik-Sandvikvåg

5

3

3

2

13

Breistein-Valestrandsfossen

4

3

3

3

13

Ekspander/minimer faktaboks