Hopp til innhold

Vi køyrer 42 400 000 000 km i år

Trafikken på dei norske vegane er i stadig vekst, og det trass i raudgrøne målsetningar om å få ned miljøutsleppa frå vegane.

Ill. trafikk

Norske bilistar vil i år legge bak seg 42,4 milliardar kilometer på vegane.

Foto: Rainer Prang / NRK

Prosjektleiar Kjell Johansen i Vegdirektoratet, vedgår at regjeringa sin målsetnad om å få fleire til å reise kollektivt og meir varetransport sjøvegen, ikkje viser særleg att på statistikken.

- Tal køyrde kilometer totalt iløpet av 2010 vil vere på 42,4 milliardar køyrde kilometer. For ti år sidan var det 35 milliardar køyrde kilometer, seier han.

Versting i fjordfylket

Ein av dei som merkar godt den stadig aukande trafikken, er matros Geir Olav Settevik på ei av ferjene i Sogn. For Sogn og Fjordane er ein av «trafikkverstingane». Siste året vaks trafikken med godt over 2,7 prosent i fjordfylket.

Sjølv om ferja over Sognefjorden går oftare enn nokon gong, fortel Settevik om fleire og fleire bilar på kvar avgong.

- Det er fleire, og nesten alltid berre ein i kvar bil, seier han og vedgår at han ikkje er redd for å bli arbeidslaus med det første.

(Artikkelen held fram under avstemminga)

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Vil auke meir

Også trafikkprognosane, som ligg til grunn for Nasjonal Transportplan, viser at trafikken vil halde fram å auke i lang tid framover. På landsbasis er det venta ein samla vekst i trafikken på 1,4 prosent til 2014.

- Trafikkveksten på landsbasis heng saman med mange ting; folketalsutvikling, prisutvikling både på bil og drivstoff og den generelle økonomiske utviklinga i landet, seier avdelingsdirektør i Statens Vegvesen, Nils Magne Slinde.

- Redde politikarar

Fleire miljøorganisasjonar er fortvila over utviklinga. For i underkant av 20 prosent av dei totale klimautsleppa her i landet, kjem frå nettopp biltrafikken. Fagansvarleg for transport i Bellona, Kari Asheim, skuldar politikarane for å vere pysete.

Asheim peikar på avgifter, investeringar i tog og bussar og avgifter for å gjere miljøvennlege bilar lønnsame. Dette er tiltak ho meiner politikarane kjenner til, men ikkje vågar å gjennomføre.

- Berre for å stogge veksten i utslepp, så må det svært sterke verkemiddel, store investeringar og sterk politisk vilje til. Den politiske viljen er eg i tvil om er til stades i dag. Eg trur også at det i veldig stor grad handlar om at ein er redd for å bli upopulær, seier ho.

Avviser kritikken

Lars Erik Bartnes

Statssekretær Lars Erik Bartnes.

Foto: Senterpartiet

Statssekretær i Samferdsledepartementet, Lars Erik Bartnes, avviser all kritikk og seier Regjeringa er i gang med å nå sine mål om reduserte utslepp.

- Norge har gått frå å vere nesten ein versting i Europa på utslepp frå nybilar, til å bli ein av dei beste i klassen, seier han.