Hopp til innhold

Vi har aldri brukt så mykje straum

Rekordkulden i november har gjeve rekordforbruk på straum.

Jølstra og tre om vintaren

DÅRLEG KOMBINASJON: Kulde og lite nedbør gir rekordhøgt straumforbruk - og rekordhøge straumrekningar.

Foto: Hilde Zahl / NRK

Det kalde veret har gjort at vi brukar langt meir straum enn det som er vanleg så tidleg på vinteren.

- I Norge fyrer dei fleste med straum når dei skal varme husa sine. Når du har rekordkulde, så blir det også rekordforbruk. Det har vi merka dei siste 14 dagane, seier nettsjef i Sunnfjord Energi, Helge Robert Midtbø.

25 prosent meir

Oversikta på straumforbruket til kundane deira, viser tal energiverket aldri har sett før. Dei siste dagane har forbruket vore på over 90 megawatt.

Noko som elles berre skjer ein iskald dag i januar og februar. Men november 2010 er det annleis.

- Hos oss er vi kring 20-25 prosent meir enn det vi har hatt tidlegare, seier Midtbø.

Kulden held fram

Endå er det eit stykke att til toppforbruket i januar i år - men vi er på god veg. For også Sogn og Fjordane Energi og Sognekraft melder om vesentleg høgare forbruk i november.

Sognekraft sel 25 prosent meir straum samanlikna med same tid i fjor. Og det vil koste oss dyrt. For magasina har lite vatn, og det er ikke noko nedbør i vente. Istaden blir det kaldare.

- Det vil halde fram med mykje av det same veret med kaldt og klart ver. Litt høge skyer på himmelen kan det bli, men det vil ikkje endre temperaturane noko særleg, fortel statsmeteorolog Tone Christin Thaule.