Hopp til innhold

Vi eksporterer meir enn Oslo

Verdien av eksport frå Sogn og Fjordane utgjer 138 000 kroner pr innbyggjar. Berre fire fylke har meir eksport, og tre av dei er vestlandsfylke.

Lasting av aluminium i Høyanger

EKSPORTVERDI: Aluminium frå Hydro Høyanger Metallverk er med på å gjere Sogn og Fjordane til eit stort eksportfylke.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Dette syner ein rapport frå Menon Business Economics, attgjeve i Bergens Tidende. Ikkje uventa er det Møre og Romsdal som toppar lista, med ein eksportverdi på 235 000 kroner pr innbyggjar.

Så fylgjer Hordaland, Vest-Agder, Rogaland og Sogn og Fjordane. Oslo kjem på plassen bak Sogn og Fjordane med ein eksportverdi på 126 000 kroner pr innbyggjar.

I rapporten er også tenester teke med, i tillegg til eksport av varer. Verdien av olje og gass er ikkje med.

Jan Atle Stang.

STOLT: Regiondirektør Jan Atle Stang i NHO.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

– Vi bør vere stolte

Regiondirektør Jan Atle Stang i NHO er ikkje overraska over at Sogn og Fjordane og Vestlandet kjem så godt ut.

– Dersom vi ser vekk frå heimstadadressa til hovudkontora så har vi innan fiskeri, oppdrett, teknologi og industri så stor verdiskaping at det ikkje er overraskande i det heile.

– Kan vi bruke denne rapporten til noko?

– Ja, ikkje minst kan vi vere litt stolte over det vi får til, at vi ikkje berre produserer og produserer utan at det viser igjen. Vi er faktisk ein viktig del av norsk næringsliv.

I tidlegare oversyn har Sogn og Fjordane kome dårlegare ut fordi produksjonen av t.d. aluminium i Årdal og Høyanger har sortert under Oslo, der hovudkontoret til Hydro ligg.

– Fylgjer for samferdslepolitikken

Det er Kommunal- og regionaldepartementet som har bede om rapporten, og statsråd Liv Signe Navarsete seier til Bergens Tidende at den syner kor store verdiar regionane utanom storbyane tilfører landet.

– Dette må få fylgjer mellom anna for samferdslepolitikken, seier ho.

Rapporten syner m.a. at Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal står for halvparten av eksporten av norsk sjømat.