Hopp til innhold

Vi drikk som aldri før

Sol, varme og store arrangement i fylket gjer at folk drikk meir øl, brus og vatn.

Vinglass.
Foto: Colourbox

Det viser statistikken til drikkevarelevarandøren Nordrikk.

I juli månad hadde dei den største salsauken innanfor Ringenes i heile Norge med nærare 30 prosent.

Til himmels

I juli gjekk salet av øl, brus og vatn til himmels i Sogn og Fjordane.

- Det er kjekt å sjå at kjølediskane er fylte heilt opp.

Dagleg leiar i drikkevarelevarandøren Nordrikk, Oddvin Hansen, prøver å halde kjølediskane i fylket fulle med drikkevarer. Men det er ikkje lett, for produkta har gått fort den siste månaden.

- Auken for Nordrikk kjem til å vere ein stad mellom 28-30 prosent for juli månad. Det er best i Norge, seier Hansen.

Mange tilreisande

Også salet av is har gått til topps i Sogn og Fjordane i juli. Både Diplom-is og Hennig Olsen kan fortelje at dei har hatt den største salsauken i fjordfylket nokonsinne.

LES OG: Et is som aldri før

Dagleg leiar i Hennig Olsen Bergen, Bertil Syversen, trur store arrangement som Landsskyttarstemne og Tall Ships' Races er årsak til rekordsalet.

- Mange tilreisande til fylket har vore med på å auke salet av våre produkt, seier Syversen.

- Beste nokonsinne

Ein av dei som no kan gni seg i hendene etter godt øl- og brennevinssal, er dagleg leiar av puben Jibben på Måløy, Ingar Husevåg. Trass i nokre kraftige regnskyll på laurdag under Tall Ships' Races, var folk øltørste nok til at denne laurdagen vart den beste for Jibben nokon gong:

- Dette har vore den beste omsetnadslaurdagen nokonsinne. Vi selde nesten fire gonger så mykje øl og brennevin som vi plar gjere ein laurdag, seier Husevåg.

Varmt ver

Fleire tilreisande i fylket spelar inn på salsveksten. Men veret har òg nærma seg rekord denne sommaren. Det kan meterolog Magnus Anglevik fortelje.

- Temperaturmessig er juli ein av dei varmaste vi har hatt gjennom tidene.

Juli i år er den varmaste på seks år og den tørraste på 17 år. Og det er sjeldan fylket har hatt så mange dagar med snitt-temperatur over 20 grader. Varme juli månad er over, men Anglevik ser ikkje bortifrå at vi vil få fleire somrar som denne.

Von om fleire varme somrar

- Viss ein ser på dei ti varmaste juli-månadene gjennom tidene, har fem av dei vore etter år 2000. Temperaturen har nok stige ein del, det kan det vel ikkje vere tvil om, seier Anglevik.

Og dersom det skulle vise seg å verte endå varmare neste år, så vil Nordrikk vera klare med meir drikke.

- Nei, då kjøper vi oss ein bil til og utvider lageret, seier Oddvin Hansen.