Hopp til innhold

Fekk 650.000 kroner i offentleg støtte – brukte lokala til privat hypnosefirma

Vestland fylkeskommune har stoppa løyvingane til ungdomsorganisasjonen UngVest etter knusande rapport. – Pengane har ikkje blitt brukt som dei skulle.

UngVests lokale i Strandgaten i Bergen vart også brukt av både dagleg leiars hypnosefirma og slankefirmaet Kivita Vektklubb som tilhøyrde ein medlem av UngVests kontrollutval. Andre firmaskilt er no fjerna.

HYPNOSEFIRMA: Den daglege leiaren dreiv hypnosefirma frå lokala til den offentlege organisasjonen.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

Heilt sidan 1980-talet har ungdomsorganisasjonen UngVest i Bergen motteke driftstilskot frå fylkeskommunen.

Organisasjonen, som tidlegare heitte Hordaland barne- og ungdomsråd, har fått pengar til å mellom anna skapa aktivitetar for barn og unge i fylket.

Dei siste åra har den offentlege støtta vore på 650.000 kroner i året. Men etter kvart byrja fylkeskommunen å stusse på arbeidet som vart gjort.

– Me fatta etter kvart mistanke om at pengane ikkje blei brukt som dei skulle, seier Stian Jean Opedal Davies (Ap), leiar for kulturutvalet i fylket.

Vestland fylkeskommune har no stoppa utbetalingane til organisasjonen.

Skarp kritikk

Rolla til UngVest har vore å fungera som ein nettverksorganisasjon og støttespelar for rundt 40 barne- og ungdomsorganisjonar på Vestlandet.

Ifølgje UngVest sjølv har organisasjonane deira rundt 53.000 enkeltmedlemmer, i alt frå politikk og musikk til friluftsliv og humanitært arbeid.

Dei siste tre åra har dei fått 1,8 millionar i driftstilskot frå fylkeskommunen. Men i fjor fatta Vestland fylke mistanke om at noko ikkje var som det skulle.

I mars hyra dei revisjonsselskapet Deloitte. Oppgåva var å undersøka drifta av organisasjonen dei siste to-tre åra.

Rapporten dei har skrive er ikkje nådig. Den peikar på uklare ansvars- og rolleforhold, manglande system og rutinar og dårleg rapportering.

Ung Vest og Bergen Hypnose

LOKALE: Bergen Hypnose står oppført på oversikta over verksemder i bygget. Ifølgje nettsidene er den daglege leiaren i UngVest hypnotisør i firmaet.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Pengar er ikkje brukt som dei skal

Deloitte konkluderer med at UngVest ikkje har sørga for at pengane frå fylket har blitt nytta slik dei skal.

I rapporten ramsar dei opp at UngVest ikkje har:

  • vist at dei gjer det dei får tilskot for å gjere
  • styrt økonomien på ein god nok måte, mellom anna har dei ikkje kravd inn kontingent dei siste åra.

Rapporten peiker også på at den daglege leiaren i UngVest har brukt lokalet i Bergen sentrum til sitt eige private selskap, Bergen Hypnose, utan å betala leige.

– Kontorlokalet har blitt brukt til private føremål som har gitt inntekter til enkeltpersonar, utan at det har blitt betalt leige. Det er det mest kritikkverdige punktet, seier utvalsleiar Davies.

Stian Jean Opedal Davies

UTVALSLEIAR: Stian Jean Opedal Davies leiar kulturutvalet i Vestland. Fylket har stoppa utbetalingane til organisasjonen.

Foto: Kari Bernardini

Privat hypnosefirma

Fram til i sommar viste nettsida til hypnoseselskapet til gateadressa i Strandgaten, med opningstid på kvardagar mellom 08.00 og 16.00.

NRK har vore i kontakt med dagleg leiar Thomas Kristiansen i UngVest. Han ønskjer ikkje å uttala seg, men viser til svara han har gitt Deloitte.

Til dei har han forklart at lokalet vart brukt til hypnoseverksemda eit par dagar i veka ved behov. Andre har sagt «nærmast kvar dag».

Kristiansen seier ifølgje rapporten at bruk av lokalet til privat føretak har erstatta løn for arbeid han gjorde for UngVest medan han var sjukemeld.

Der skriv han også at kritikken om manglande kontroll og rapportering «fremstår som etterpåklokskap» fordi «fylket har spilt en sentral rolle i hvordan tilskudd er tildelt og følgt opp og den aktivitet som har vært planlagt og gjennomført».

Han skriv at Deloitte «hopper bukk over forhold jeg har påpekt og som jeg mener er sentrale».

Thomas Kristiansen

DAGLEG LEIAR: Thomas Kristiansen er dagleg leiar i UngVest, og ønskjer ikkje å uttale seg til NRK.

Foto: Sølve Rydland

Tapte minnepennar og trafikkulukke

Noverande styreleiar Øystein Rambjørg er også kritisk til rapporten. Også han takkar nei til intervju med NRK.

«Det kan nesten virke som tilliten til det me har gitt av innspel og merknader ikkje har vore til stades hjå Deloitte», skriv han til Deloitte.

Han forklarar manglande dokumentasjon med at mykje av den digitale dokumentasjonen for dei siste åra gjekk tapt fordi «dagleg leiar si datamaskin vart øydelagt i ei trafikkulykke».

Han skriv også at den tidlegare styreleiaren «har lånt minnepinne/harddisk med digital dokumentasjon som vedkommande ikkje lenger kan gjere greie for».

Tilføying 10. november 2020, der Rambjørg seinare har svart på spørsmål frå NRK:

Kulturutvalsleiar Davies har kome med «falske skuldingar mot UngVest», skriv Rambjørg til NRK. I følge Davies har offentlege tilskot frå fylkeskommunen finansiert UngVests lokale.

Rambjørg avviser at fylkeskommunen har betalt husleiga for UngVest. Tvert om har UngVest sidan 2016 måtta betala den sjølv, utan å få kompensasjon dei skal ha blitt lova.

Desse åra har «manglande kompensasjon for husleigeutgiftene og kraftig redusert driftsstøtte frå fylkeskommunen bidrege til å setje UngVest i ein vanskeleg økonomisk situasjon», skriv Rambjørg.

Ueinige om pengebruken

Dei involverte er usamde om korleis ansvaret for både økonomi og oppfølgjing av aktivitetane med medlemsorganisasjonane var fordelt mellom dagleg leiar og styreleiar.

Usemje om pengebruken i organisasjonen førte i februar til eit rettsmøte mellom UngVest og dåverande styreleiar.

Ifølgje Bergensavisen meinte den nye styreleiaren og organisasjonssekretæren at det var blitt brukt om lag 200.000 kroner meir enn styret hadde vedteke, og at det mangla vedlegg til utgiftene.

Den tidlegare styreleiaren meinte å ha pengar til gode frå Ung Vest, og svara med å be om at UngVest blei slått konkurs.

Konkursoppmodinga blei avvist av Bergen tingrett, ifølgje noverande styreleiar.

Skal til kontrollutvalet

UngVest var tema i fylkesutvalet i Vestland torsdag. Kontrollutvalet i Vestland har også fått saka på sitt bord.

Når saka kjem dit, kan det bli aktuelt å sjå på fleire sider av drifta.

– Hittil har vi berre vurdert om pengane har gått til det dei skal, å styrka ungdomsorganisasjonane i Vestland. Det har dei ikkje. Om det skulle vera kriminelle eller andre forhold i denne saka må kontrollutvalet vurdera, seier Davies.

Han understrekar at det var fylkeskommunen sjølv som avdekka forholda, og at kontrollrutinane dermed har fungert i dette tilfellet.

– Vi har ikkje i dag noko grunn til å tru at denne kritikkverdige praksisen har eksistert lenge før 2017/2018, presiserer Davies.

NRK har 10. november 2020 lagt til avsnitt der Øystein Rambjørg seinare har svart på spørsmål frå NRK.