Hopp til innhold

Vestland fylkeskommune gav kantinekontrakt til bedrift utan tariffavtale

Fellesforbundet reagerer skarpt på at den nye kantinebedrifta til fylkeskommunen ikkje har tariffavtale. – Eg er steik forbanna, seier lokal leiar.

Nytt fylkesbygg i Bergen

NYTT BYGG: Det nye fylkeshuset i Bergen er snart klart for innflytting. Det blir òg nye kokkar i kantina.

Foto: LAB entreprenør

– Eg er rysta. Eg er steik forbanna, seier Richard Storevik i Fellesforbundet avdeling 5.

Han reagerer på at kantina i det nye fylkeshuset no skal bli drifta av Søtt+Salt, ei bedrift der dei tilsette ikkje har tariffavtale.

Til no har kantina blitt drifta av Beredt, som er eigd av Vestland fylkeskommune. Det er ei bedrift som utdannar lærlingar og lærarkandidatar kvart år.

Storevik seier at varig tilrettelagde arbeidsplassar er viktig for avdelinga hans.

Richard Storevik

Richard Storevik i Fellesforbundet reagerer på at det nye cateringfirmaet ikkje har tariffavtale.

Foto: John Trygve Tollefsen / Fellesforbundet

Korleis veit de at Søtt+Salt ikkje har inngått tariffavtale med sine tilsette?

– Viss dei hadde hatt ein tariffavtale på dei som skal drifte denne kantina, hadde dei teikna ein tariffavtale på Fellesforbundet avdeling 266. I tillegg har me eit system der me kan sjå kven som har tariffavtalar, og der dukkar ikkje dei opp, seier Storevik.

Veit om dei har tariffavtale eller ikkje

Søtt+Salt fekk drifta kantina etter ein anskaffingsprosess, der det til slutt stod mellom fire verksemder.

– Me har vektlagt i dei politiske avgjerslene at me skal ha ordna arbeidsforhold, lærlingar og tilrettelagde arbeidsplassar, seier Rune Haugsdal, som er fylkesdirektør i Vestland fylkeskommune.

Rune Haugsdal

Fylkesdirektør Rune Haugsdal er ikkje kjent med om Søtt+Salt har tariffavtale eller ikkje.

Foto: Bergit Sønstebø Svendseid / NRK

Han er ikkje kjent med at selskapet ikkje har tariffavtale.

– Eg legg til grunn at dei som me inngår avtalar med, held seg til dei kontraktsvilkåra me inngår, seier Haugsdal.

Fylkesdirektøren seier at viss det finst dokumentasjon på at dette ikkje er tilfelle, kjem dei til å sjekke det opp mot avtalen dei har signert med selskapet.

– Forventar at dette er på plass

Fylkesordførar i Vestland fylkeskommune, Jon Askeland (Sp), seier han reknar med at tariffavtalar er på plass når nye selskap får kontrakt.

Han seier det skal vera eit krav om at dei som har avtale med fylkeskommunen, skal vera med på eit ryddig forhold i arbeidslivet.

– Sjølvsagt er dette eit krav, og me forventar at dette er på plass, seier Askeland.

Jon Askeland

Fylkesordførar Jon Askeland (Sp) forventar at ein tariffavtale er på plass før dei tilsette byrjar i kantina.

Foto: Paul André Sommerfeldt

Han vil ikkje spekulera i kva som kjem til å skje med viss dette er i orden.

Det er 4Service AS som eig Søtt+Salt. NRK har ikkje fått kontakt med leiinga i firmaet, men konsernsjef Tor Rønhovde seier til Bergensavisen at dei har riksavtalen og følger tariff, men at dei ikkje har oppretta tariffavtalar alle stader.