Hopp til innhold

Fryktar Vestkapphuset er sett ut av spel i lang tid framover

Ein månad etter at Vestkapphuset vart knust av «Dagmar» er skadane framleis ikkje taksert. Vêret har vore så dårleg at det har vore umogleg å opphalde seg over tid ved huset som ligg heilt ute på Stad.

Vestkapphuset rasert av Dagmar

KNUST: Nær alle vindauga vart knust då romjulsorkanen Dagmar slo inn over Vestlandet om kvelden 1. juledag.

Foto: Oddgeir Kvernevik

– På denne tida av året er det nesten full storm der ute heile tida, så det har ikkje vore råd å få gjort noko, seier eigar av huset, Oddgeir Kvernevik.

Han er framleis prega av dei store øydelegginga på huset som han oppdaga etter romjulsorkanen som slo inn over Vestlandskysten natt til andre juledag. Meir eller mindre heile taket var blåse av, vindauga var knuste og inne låg alle møblane i ein krok.

– Eg veit enno ikkje kva skadane vil koste, seier Kvernevik.

Vêret har sett ein stoppar for takstmennene

Det var eit frykteleg syn som møtte han då han tredje juledag klarte å ta seg fram til det kjente turistmålet som ligg på fjellet Kjerringa, heilt vest mot det svært så berykta Stadhavet. Uvêret hadde rasert heile huset, men no, ein månad seinare veit han enno ikkje kva som vil skje med huset.

– Eg kan ikkje seie noko sikkert om framtida til huset før takstfolka har vert her og sett på det. Fram til no har vêret for så ugjestmildt at det har vore umogleg å vere der ute over lengre tid, seier Kvernevik og legg til:

– Det er i tillegg vanskeleg å få tak på takstmenn om dagen, og her ute må vi ha det akkurat den dagen vêret tillet det, seier han.

Vanskeleg jobb

Men sjølv utan takstfolk kan Kvernevik åleine fastslå at det er snakk om svært store øydeleggingar. Han trur store delar av bygget må totalreparerast, men kan ikkje seie om det må rivast heilt eller delvis ned før ein kan starte oppbygginga.

– Uansett vil arbeidet med å byggje opp att huset ta tid. Det er svært krevjande arbeidsforhold der ute, sett i forhold til vêret. Det gjer at ein må vere veldig nøye når det kjem til sikring av området, seier Kvernevik.

Han seier ein truleg vil bli nøydd til å sperre av eit stort område rundt huset av omsyn til tryggleiken. Kvernevik forklarar at dette må gjerast for å sikre at folk ikkje kan bli trefte av til dømes takplater som kan bli tekne av den sterke vinden i samband med arbeidet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vestkapphuset rasert av Dagmar

RASERT: Oddgeir Kvernevik seier synet som møtte han i Vestkapphuset etter romjulsorkanen var eit han aldri vil gløyme.

Foto: Oddgeir Kvernevik

Blir ikkje ordna att til sommarsesongen

Sjølv om Kvernevik ikkje no kan seie noko sikkert om akkurat korleis ein skal reparere og byggje opp att huset, er ein ting sikkert. Det blir ikkje noko drift av huset til sommaren.

– Nei, det er heilt umogleg, seier han trist.

Han ser også litt mørkt på sommaren 2013. Dei vanskelege vêrforholda ute på fjelltuppen gjer det nemleg vanskeleg å få noko fortgang i arbeidet.

– Vi kan truleg ikkje ta til med rivearbeidet før i byrjinga av mai i år. Skal heile huset ned er dette eit særdeles tidkrevjande arbeid, sett i forhold til både avfallssortering og andre ting, seier Kvernevik.

Og sjølv sommarstid er det ikkje sikkert at arbeidet får halde på i fred for stormane. Kvernevik seier sterk vind tidlegare har knust vindauga på turistbussar og at dei må vere budde på å leggje ned arbeidet i fleire dagar dersom vêrgudane slår seg vrange.

– Men eg håpar og trur at det kan vere realistisk at vi har fått Vestkapphuset i stand igjen til sommaren 2013.