Hopp til innhold

Vern deg mot lynnedslag

Kvart år mottek forsikringsselskapa om lag 5.000 skademeldingar som følgje av lynet sine herjingar.

Lyn og torden

I Sogn og Fjordane brann ein bustad i Gulen og ein sveiseverkstad i Naustdal ned i januar som følgje av lyn og torever.

LES: Lyn årsak til million-brann

LES: Lynnedslag førte til brann

Kortsiktig løysing

På landsbasis fører lynnedslag til store skader. Truleg meir enn dei 5.000 meldingane som forsikringsselskapa får. Dette fordi mange skadar kan oppstå lenge etter lynnedslag. Spesielt sårbare er elektriske artiklar som TV og PC.

- Den beste kortsiktige løysinga når toreveret herjar er å trekke ut stikkontakten til elektriske apparat som TV og PC. Det er også ein god regel før du legg deg, seier Svein Olav Solberg, som er installasjonsinspektør ved Sogn og Fjordane Energi Nett.

Meir risiko i lufta

Lyn fører ofte til høge overspenningar på elektrisitets- og telenett. Overspenninga vandrar langs leidningsnettet til el-anlegg i bygningar. I verste fall kan dette føre til brann.

- Som ein regel er dei abonnentar tilknytt kabelnett sikrare enn dei som er tilknytt luftnettet. Dette fordi overspenninga vert dempa meir i eit kabelnett under jorda enn i eit luftspenn, seier Solberg.

Langsiktig løysing

Ei god langsiktig løysing er å innstallere overspenningsvern i sikringsskapet. Men det er viktig at denne vert koordinert med overspenningsvernet som nettselskapet har for nettet.

- Dette fordi lynnedslaget kjem som eit hurtigtog på nettet. Når det treff overspenningsvernet til nettselskapet, vert det knekt noko ned. Restane av energien går vidare og blir knekt ned i sikringsskapet. Om ikkje "hurtigtoget" vert knekt ned slik, blir det ein megasmell når det kjem i sikringsskapet, seier Solberg.

Passive tiltak

Eit anna langsiktig tiltak er å syte for at tilstanden på det elektriske anlegget og jordingsanlegget er i god stand. Solberg legg til at ein også kan kjøpe overspenningsvern til stikkontakter.

- Lynnedslag kan føre til stor skade og fleire branntillaup. Det kan ofte oppstå brann i sikringsskap som vert sløkt før det får utvikla seg. To passive tiltak som kan vere avgjerande er både brannvarslingsanlegg og sløkkemiddel, seier Solberg og minnar om at pulver skal nyttast på elektrisk anlegg.

13 gode tips når uveret er like over deg:

· Søk ly innandørs om mogleg.

· Trekk ut støpselet på elektriske apparat.

· Hald deg vekke frå vindauge og opne dører.

· Unngå bruk av telefon.

· Unngå å arbeide på gjerder av metall, telefon- og kraftleidningar, rørleidningar eller andre metallstrukturar.

· Hald deg i bilen om du er ute og køyrer. Der sit du trygt.

· Unngå å fylle drivstoff på bil eller båt.

· Unngå å vere i småbåt.

· Dersom du badar, bør du kome deg på land så fort som mogleg.

· Ikkje bruk fiskestang.

· Unngå ope terreng, fjell- og bakketoppar.

· Hald deg vekke frå høge einsame tre.

· Søk tryggleik i hole, grøft eller forsenking i terrenget om det ikkje er noko bygning i nærleiken. Eller legg deg ned på bakken.

Kjelde: Norsk Brannvernforeining