Hopp til innhold

Ventar med å krevje ny varetekt

– Politiet ventar med å krevje forlenga varetekt for den sikta etter trippeldrapet i Årdal.

Kripos på åstaden ved Holsbruvatnet

VENTAR MED NY VARETEKT: Politiet krev ikkej ny varetekt så lenge den trippeldrapssikta er til psykiatrisk observasjon.

Foto: Christian Blom

Det seier politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes, ved Sogn og Fjordane Politidistrikt

I november i fjor blei ein mann i 30-åra frå Sør Sudan, arrestert av politiet for å ha drepe tre personar på Valdresekspressen, deriblant ei ung jente frå Årdal.

Den sikta er no på den regionale sikkerheitsavdelinga på St. Olavs hospital i Trondheim.

– I tingretten fekk vi ein kjennelse på at han skal vere på St. Olavs hospital til tvungen observasjon i inntil 12 veker.

Varetekta som den trippeldrapssikta blei idømt har gått ut, men så lenge han er på Sant Olavs Hospital, med tryggleikstiltaka som er der, ser ikkje politiet noko grunn til å krevje ny varetekt.

Jørn Lasse Førde Refsnes

IKKJE AKTUELT Å KREVJE NY VARETEKT NO: Politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Men så snart det blir aktuelt å skrive han ut der ifrå så kjem vi til å krevje ny varetekt.

– Har de kome noko nærare eit avhøyr av mannen?

– Nei, det har ikkje vore mogleg å gjennomføre noko avhøyr så langt.

Førde Refsnes seier dei no avventar det som kjem ut av observasjonen, og at dei i utgangspunktet er avventande med å gjere nye forsøk på avhøyr av den sikta.

– No er han til observasjon for å kartlegge den psykiske helsetilstanden hans. Men vi har jo dialog med helsepersonellet på St. Olavs hospital. Skulle det opne seg ein moglegheit, så vil vi sjølvsagt prøve å få gjennomført eit avhøyr.