Hopp til innhold

Hald på hatten: Det blir vindfullt på kysten og i fjellet

Det er venta sterk vind langs kysten og i fjellet. Hovudredningssentralen håper at dei med fritidsbåtar held seg heime i dag.

Bølger mot land på Alnes i Giske kommune.

Det kan bli mykje bølger langs kysten, som her på Alnes i Giske kommune.

Foto: Hans-Olav Landsverk / NRK

– På fjelltoppane kan det bli forbigåande full storm, fortel statsmeteorolog Susana Reuder.

Utover dagen er det venta kraftig vind på vestlandet som kan merkast langs kysten og til fjells i Sør-Noreg.

Årsaka er vind som kjem inn frå søraust som vil auke utover dagen.

Nordlege delar av Rogaland, Vestland fylke, Møre og Romsdal og sørlege delar av Trøndelag vil få merke vinden.

Men meteorologen lovar at mykje av vinden vil løye til kvelden.

Snøfokk til fjells

På fjellovergangane er det venta snøfokk og vind og meteorologen har sendt ut eit gult farevarsel på snøforholda.

Varselet vil vere gjeldande også måndag.

Snøgrensa er mellom 800 og 1200 meter, fortel Reuder. Det er venta mest vind og snø i områda rundt Langfjella og Jotunheimen.

– Der blir det redusert sikt og det kan bli ganske vanskelege køyreforhold, seier Reuder.

Hald fritidsbåten til kai

Meteorologen åtvarar om at vinden vil føre til høge bølger langs kysten.

På Hovudredningssentralen står dei alltid klare for å rykke ut, men vakthavande redningsleiar Cecilie Øversveen håper at folk langs kysten ikkje tek unødig risiko.

– I dag tenker eg dei med fritidsbåt bør halde seg heime, seier ho.

Ho minner om å planlegge godt for vêret dersom folk har tenkt seg ut på tur.

Gult farevarsel om snøfokk og kuling i fjellet.

FOKK: Meteorologane åtvarar om snøfokk i fjellet i Sør-Noreg.

Foto: Skjermdump/Twitter

Køyr etter forholda

– Det er vanskeleg å spå korleis dagen vil bli over fjellovergangane, fortel trafikkoperatør Hans Gustad Møvik-Olsen.

Det er for tidleg å seie om nokon av fjellovergangane vil bli stengde på grunn av vind og dårleg sikt.

Han håper dei som skal ferdast langs vegen hugsar å sko seg for vinter og køyrer etter forholda.

– Vi kryssar fingrane for at vinden ikkje skaper alt for mykje krøll, seier han.