Hopp til innhold

Ventar for lenge med å ringe 113

Alt for mange ventar for lenge med å ringe 113 i ein akutt situasjon. Ei Norstat-undersøking viser at kvar tredje nordmann ville sjekka puls, eller lagt personen i stabilt sideleie før dei ringer etter hjelp. – Vel og bra, men ikkje rett. Det viktigaste er å ringe 113 med ein gang, seier sjeflege Stephen Sollid i Stiftinga Norsk Luftambulanse.