Ventar 120 000 lam i vår

omlag 1600 gardsbruk i fylket gjer seg no klare til storinnsats i fjøsen.

Video Lambing på Lote

SJÅ: Bli med på lambinga på Lote.

- Vi ventar at det vil kome rundt 120 000 lam i Sogn og Fjordane i april og mai, seier assisterande fylkeslandbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær.

10 000 klarer seg ikkje
Bjørn Harald Haugsvær

TRAVELT: - Det vert nok lite søvn på sauebøndene frammover med 120 000 lamb i vente, seier assisterande fylkeslandbruksdirektør Bjørn Harald Haugsvær.

Foto: Roy Raasholm Fauske / NRK

Det er ikkje uvanleg at det kjem så mange lam til verda i fylket, men det er likevel svært mykje arbeid for dei som skal ta imot dei små.

- Dette vert nokre travle månader for bøndene. Dei må passe på at alt går bra til ei kvar tid, så det vert nok lite søvn på dei frammover.

Av dei 120 000 som no skal kome til verda vil omlag 10 000 av dei ikkje klare seg.

fekk 95 lam på 11 dagar

- Det er nokre som ikkje overlever med ein gong dei er fødde, andre klarar ikkje sommaren. Slik er det. Det er ulike lagnader for dei, seier Haugsvær.

Anne Moen på Nordfjordeid er allereie godt i gang med å ta seg av nyfødde. I fjøsen hennar er det kome 95 lam.

- Dei kom på elleve dagar og då var det ganske hektisk her. Men det er veldig kjekt å få oppleve dette og, seier ho.

Travle månader
Sau med lam

KLAR FOR SOMMAREN. Etter lambinga tek sauemora med seg ungane ut på sommarbeite. Og det er viktig at dyra kjem seg tidleg ut av fjøsen.

Foto: Inger Johanne Liabø

Bonden ventar fleire lam på garden, og reknar ikkje med å kunne slappe av så lenge i slengen enno.

- Eg er glad i vårturar på ski, men midt i lamminga vert det lite av det. Så vi har nok å gjere her frammover, seier ho.

I år kom det også til verda ein søskenflokk på fem. Det har dei ikkje opplevd på garden før.

Fekk femlingar

- Det er ikkje uvanleg at det kjem femlingar, men eg har ikkje fått det før. Det gjev nokre utfordringar for sauemora, for ho har ikkje nok mjølk til alle lamma. Dermed må vi hjelpe til med foringa, i tillegg til at andre sauer adopterer lam, forklarer Moen.

Moen bygde på fjøsen sin i 2010 og har god plass.

Under lamminga søv ho i eit vaktrom for å passe på at sauene og lamma klarer seg.

Søv i fjøsen
Sauer

10 000 overlever ikkje: Så mange lamb klarer seg ikkje. Men det er framleis 110 000 som skal ut på beite og bli runde og gode.

Foto: Scanpix

- Ein må passe på heile tida og vere tilstades når fødselen skjer. Eg er ikkje vekke meir enn eit par timar i slengen.

Og når ho treng litt kvile får ho god hjelp av far sin.

- Det var han som tok imot femlingane og han er med og hjelper meg. Så eg er heldig som har hjelp.