Hopp til innhold

Førdedamene med velsmakande revansj over UiS

Førre gong Førde sitt damelag i volleyball møtte UiS Volley vart dei slegne ut av cupen. I dag var det tid for revansj.

Jan Egil Tvinde og Kjell Erik Kvamsdal.

KAN SMILE: Trenar for Førdes damelag i volleyball, Jan Egil Tvinde, er stornøgd med sigeren mot UiS. Her fotografert medan han var på herrelaget.

Foto: Oddleif Løset/NRK

– Dette smakte utruleg godt, det finst ikkje andre ord for det. Det er ein buss full av smilande jenter som er på veg heim no, seier trenar for Førde volleyballklubb sitt damelag, Jan Egil Tvinde.

For fire veker sidan fekk Førde-damene cupdraumen knust då dei tapte 3-1 mot UiS i kvartfinalen i Stavanger.

Eit resultat som vart ekstra surt å ta sidan UiS i utgangspunktet er eit lag som Førde burde klart å slå.

Men laurdag var det duka for "payback time" til gangs.

Spelte dårleg fram til tredje sett

– Eg legg ikkje skjul på at denne sigeren smakte ekstra godt. Ikkje minst sidan kampen var så jamn. Og så er det noko eige med å finne fem-settskampar, seier Tvinde.

Men det var ikkje opp i dagen at Førde skulle trekkje det lengste strået.

– Vi spelte i grunn dårleg fram til tredje sett, fortel Tvinde.

Nøyaktig kva som vart sagt under time out er han ikkje sikker på, men det var eit langt meir offensivt lag som stod fram dei to siste setta.

– Vi endra litt på laget, tok betre imot og klarte å halde motstandaren under press. Og då var det gjort, seier Tvinde.

Førde vann 3-2 på bortebane med settsifra 25-20, 23-25, 25-14, 21-25 og 19-21.

God blanding av ungt og rutinert

Etter sigeren mot UiS Volley ligg Førde framleis på 3. plass på tabellen, noko trenaren er godt nøgd med.

– Fleire av dei unge jentene var også innpå og gjorde ein solid innsats, samtidig som vi har fleire rutinerte og stabile spelarar. Ein perfekt kombinasjon, seier Tvinde.

Som apropos er det verdt å nemne at trenaren til UiS Volley, Martin Frydnes, også er landslagstrenar for kvinnelaget i volleyball.

Ingen frå Førde er med på seniorlandslaget endå, men fleire er med på juniorlandslaget.

– Men det kan fort endre seg på sikt, seier Tvinde.

Neste helg ventar Stod Volley borte.

Også Førdes herrelag drog sigeren i land i dag. Dei spelte borte mot Tromsø og vann 3-0. Nyborg tapte for Randaberg 1-3, dermed ligg Førde på 3. plass på tabellen. Førde møter Nyborg i Bergen neste helg.