Hopp til innhold

Veitastrond hadde minus 30 grader

I Veitastrond var det onsdag morgon så kaldt, at bøndene byrja å kvi seg for å gå i fjøsen...

Minus 30 i Veitastrond

KALDT: Veitastrond hadde i morgontimane temperaturar heilt nede i 30 minus.

Foto: NRK/John Molland

- Meteorologane sa tidlegare i veka at det skulle bli kaldare enn 30 minus i løpet av veka - og dei fekk rett i natt. Då var det akkurat 30 minus, seier John Molland.

- Når skal det ta slutt...

Han bur i Veitastrond, og kunne onsdag morgon dokumentere kulden i bygda på MMS-foto til NRK Sogn og Fjordane.

- Kva tenkjer du om at det er så kaldt?

- Nei, kva skal ein tenkje - eg lurer mest på kor tid dette skal ta slutt. Det er jo kaldt, seier Molland.

- Eg kvir meg snart for å gå i fjøsen, legg han til.

- Må ta det vêret vi får

Molland hadde då NRK snakka med han før klokka sju på morgonkvisten så vidt vore utanfor døra for å hente ved og leggje i omnen.

- Eg veit ikkje om det er råd å beskrive kjensla av 30 minusgrader. Men no er det heldigvis ikkje noko vind, seier han.

Her er temperaturane i fylket onsdag morgon:

  • Veitastrond: -30
  • Selje: -4
  • Øvre Årdal: -7
  • Sogndal, sentrum: -11
  • Sogndal, Haukåsen: -14
  • Leirvik: -4
  • Loen: -12
  • Sognefjell: -19
  • Sandane: -14
  • Florø: -4
  • Førde - Bringelandsåsen: -11
  • Førde sentrum: -12
  • Gullfaks C: 1
  • Sande: -11
  • Dale: -7
  • Hestenesøyra: - 8

- Vi kan ikkje gjere noko med vêret, så vi må nok ta imot det vi får, seier Molland.

No blir det eit vêromslag

Ifølgje meteorologane er det venta at vi no får eit vêromslag. Onsdag held fram med mykje sol, men det skal skye over utover kvelden.

-Høgtrykket vi har hatt går no austover, og det kjem mildare luft frå vest. Vi ventar nedbør som først kjem som snø - deretter blir det nok regn, seier statsmeteorolog Berit Hagen.

LES OGSÅ:

Ho åtvarar om vanskelege forhold langs vegane. Med vêromslag er det også venta auka skredfare.