- Det tek til å bli litt stusseleg. Det er ikkje noko særleg, seier Asbjørn Nes, Ein av 150 innbyggjarar på Veitastrondi som no må klara seg utan veg til verda utanfor, utan straum og utan dekning på mobiltelefonen.
- Raset som tok vegen og straumen er heilt enorm, og den gjekk like etter at skulebussen hadde passert, seier han.
- Og når straumen går her inne forsvinn mobildekninga med den, legg han til.
Vande, men utrygge
Om det er nokon som er vande med ras så er det innbyggjarane på den svært rasutsette staden Veitastrond. Men Nes seier den ekstreme rasfaren dei opplever no er ei påkjenning også for dei.
- Me likar det ikkje noko særleg.
- Og veitastrendingar er vel ikkje dei som først let seg skremme av ras?
- Nei, det er me nok ikkje.