Hopp til innhold

Vegen over Fanafjellet er opna

Arbeidet med å sikra vegen etter raset på Fanafjellet i Bergen har gått raskare enn venta.

Ras Fanafjellet

OPNAR I DAG: Statens vegvesen planlegg å opna vegen over Fanafjellet klokka 16 i dag.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

– Vegen ble opna klokka 16, seier trafikkoperatør Hanne Norheim ved Vegtrafikksentralen til NRK.no.

Fylkesveg 163 over Fanafjellet blei stengt etter eit ras tysdag morgon . Etter at ein geolog var på staden, blei det vurdert som for risikabelt å senda mannskap inn for å rydda.

Det såg ut til at det kunne gå fleire dagar før vegen kunne opna. Men no har situasjonen blitt mykje betre, og området er trygt.

– Det kan imidlertid bli ei lita innsnevring akkurat ved rasstaden, seier Norheim.

Steinblokker stengjer vegen over Fanafjellet.

GEOLOG: Sjå video frå rasstaden i går, då ein geolog undersøkte området.