Hopp til innhold

Vegen er opna att

Vegen mellom Stryn og Lote er opna for trafikk att etter flaumskadane 25. juli.

Flaum på Blakset

Slik såg vegbana ut etter flaumen 25. juli

Foto: Hilde Nordnes

Klokka ti fredag kunne vegvesenet opne for trafikk på ei provisorisk bru over Steindøla ved Blakset. Flaumen øydela brua, og dei siste par vekene har folk som bur utanfor brua hatt ein lang omveg når dei skal til Stryn.

11 mil ekstra kvar dag

Medan dei som bur i Randabygda og arbeider i Stryn til vanleg har rundt fire mil pendling, har dei sidan 25. juli måtta køyre om Lote og Nordfjordeid, ei strekning på 15 mil tur/retur.

– Kjempejobb

Ordførar Nils Støyva i Stryn seier at dei som har arbeidd med brua har gjort ein kjempejobb.

Det blir ein del kortare vegstengingar dei næraste dagane.