Hopp til innhold

Har lurt eigne lesarar

Bergens Tidende har favorisert Bybanen i Bergen gjennom artiklar i avisa. – BT har lurt lesarane sine, seier Norsk Presseforbund.

Bybanen i Bergen

Favoriseringa kjem fram gjennom ei masteroppgåve skriven av medievitar Ingrid Milde. Det var samferdslejournalisten John Lindebotten som skreiv artiklane om bybanen.

- Eg vedgår at ein av artiklane eg skreiv kan oppfattast som propaganda, seier Lindebotten til Bergensavisen.

Propaganda

Lindebotten var personleg engasjert i saka, og uttalar i mastergradsoppgåva at han tykkjer det ville vore ein katastrofe dersom ein bybane ikkje skulle bli realisert i Bergen.

- Dersom eg hadde freista å finna negative vinklingar i saker om bybanen, hadde eg nok funne det, seier Lindebotten.

Bergens Tidende

Bergens Tidende får refs i mastergradoppgåve.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Det negative oppslaga glimra med sitt fråver. Og Milde konkluderer i mastergradsoppgåva si at Bergens Tidende ikkje har ei så balansert framstilling av saka som det er venta at ei avis skal ha i dag.

- Saker, vinklingar og kjelder som er positive til Bybanen er i nokre tilfeller prioritert framfor dei negative, skriv ho.

Inhabil

- Alt tyder på at journalisten var inhabil, seier generalsekretær i Norsk Presseforbund Per Edgar Kokkvold.

Han skjønar ikkje kvifor Lindebotten ikkje slutta å skriva reportasjar, og heller byrja å skriva debattinnlegg om Bybanen.

Men Lindebotten angrar ikkje.

- Eg har reint samvit. Motstandarane fekk koma med sine argument, men når eg har skrive om meininga deira ein gong, får det vera nok, seier Lindebotten til BA.

Intern diskusjon

Tidlegare redaktør i Bergens Tidende, Einar Hålien, er usikker på om det var riktig å lata Lindebotten halda fram med å dekkja saker om Bybanen.

Einar Hålien

Tidlegare redaktør i BT, Einar Hålien.

Foto: Roald, Berit / SCANPIX

Leiinga i BT og Lindebotten skal ha diskutert engasjementet til journalisten, men konkluderte med at han hadde ikkje hadde mista sitt journalistiske truverde i saka.

Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund er ueinig.

- Bergens Tidende har lurt lesarane sine, konkluderer han.