Hopp til innhold

Tiltalt nektar straffskuld i Hylkje-drapet

Mannen som er tiltalt for å ha drepe 37 gamle Ingvild Myking på Hylkje i Åsane i fjor, nekta straffskuld då rettsaka starta mot han i Bergen tingrett måndag.

Bergen tingrett, Hylkje-drapet
Foto: Anette Berentsen / NRK

Ifølgje tiltalen skal den 35 år gamle mannen ha knivstukke Myking medan ho kvilte.

Statsadvokaten krev 21 år forvaring for drapet – den strengaste straffa ein kan få i Noreg.

– Forvaring er naudsynt fordi vi meiner det er ein kvalifisert fare for at tiltalte vil gjenta alvorleg kriminalitet viss han blir sett fri, har statsadvokat Arvid Oma tidlegare sagt til NRK.

– Ikkje han sjølv som gjorde det

To ti år gamle jenter var i huset under drapet, dottera til kvinna og ei jamnaldrende venninne.

35-åringen er også tiltalt for truslar, vald eller overgrep mot eitt eller begge barna som var i huset. Heller ikkje på desse punkta innrømmer han straffskuld. 

Ifølgje forsvarar Tor Erling Staff vedgår den drapstiltalte dei faktiske tilhøva i saka, men 35-åringen hevdar det ikkje var han sjølv som utførte ugjerningane.

– At han har gjort det han er tiltalt for, er ingen løyndom, det har vore klart frå første dag etter at det tragiske skjedde, seier Staff.

Staff prosederer på at klienten hans ikkje var tilrekneleg då han gjorde brotsverket.

– Han meiner sjølv det er heilt uforståeleg for han, og han fattar ikkje korleis det kan ha skjedd. Noko motiv finst ikkje, seier Staff.

– Han er vorten framstilt som eit monster. Det er han ikkje, han er eit lidande menneske, han skjønar like lite som andre at noko slikt kan skje.

– Skam for rettspsykiatrien

Fordi klienten hans risikerer lova si strengaste straff, har Staff oppmoda om at det vert gjort ei nevrologisk undersøking av den drapstiltalte.

– I ei så alvorleg sak bør ein søkje å snu alle steinar for å finne ei forklaring. Etter mitt syn er det ei skam for rettspsykiatrien at ein nøyer seg med ei klinisk vurdering.

Den drapstiltalte rømte frå Sandviken sjukehus eit par dagar før drapet på Hylkje i fjor sommar.

Fram til rettsaka byrja nekta han å la seg avhøyre i saka. Ifølgje Staff er det fordi klienten hans har dårlege erfaringar med politiet frå tidlegare.

Det var også lenge usikkert om den tiltalte kjende seg frisk nok til å uttale seg i retten måndag. Tor Erling Staff ba i den samanheng om sterkare medisinering av den drapstiltalte klienten sin.

Det førte til at den psykiatrisk sakkunnige skreiv ut resept på roande medisin til 35-åringen.