Hopp til innhold

Våt start på veka, men så tar det seg opp

Dessverre for statsmeteorologen i Tromsø får han og resten av Nord-Noreg godvêret sist av alle.

Drøbak 25.07

Slik såg det ut i Drøbak i morgontimane. Men austlendingane kan trygt vente seg at vêret blir betre ut i veka.

Foto: Laila Wilhelmsen/privat

For mange av oss blei det ei våt start på den siste veka av juli.

Men for statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis starta dagen med opphaldsvêr i Tromsø.

Dessverre for han skal ikkje det gode vêret vare lenge.

– Vi nyt dei siste solstrålane før det blir eit skifte, seier Sarchosidis.

Resten av måndagen er det venta ustabilt vêr i heile landet. I Trøndelag, på Nordmøre og i fjella sør i landet er det venta lyn og torevêr.

Torevêr

Det er berre å halde seg innandørs om du er i Trøndelag eller på Nordmøre.

Foto: Meteorologene på Twitter/skjermdump

I Drøbak vakna Laila Wilhelmsen til regn og kjedeleg sommarvêr.

– Aller helst vil jo eg ha sol, seier Wilhelmsen.

Heldigvis treng ho ikkje å vente lenge på vêret skal snu for ho og andre på Austlandet.

Allereie frå tidleg i veka kan statsmeteorologen i Tromsø love at opphaldsvêret er tilbake i Sør-Noreg.

– Dei som bur der kan vente seg godt vêr frå onsdagen av, fortel Sarchosidis.

Bø i Vesterålen

I Bø i Vesterålen starta dagen med lett overskya vêr og 14 grader. Til helga blir det sol og rundt 20 grader.

Foto: Børre Magne Albrigtsen/privat

– Litt regn er det i lufta

Det er eit litt ustabilt lågtrykk over Stad som gjer det vanskeleg for meteorologane å vere heilt klare på korleis vêret blir tysdag.

Men det som er sikkert er at opp langs kysten vil det vere ei litt grå veke.

Børre Magne Albrigtsen har tatt turen til å Bø i Vesterålen. Der nyt han sommaren.

Det sjølv om det måndag føremiddag berre var 14 grader der.

– Litt regn er det lufta, men no skal eg gå tur på to fjelltoppar, seier Albrigtsen.

– Ingen som skal få det dårleg

– Veka startar med lågtrykk, så blir det gradvis betre, kan statsmeteorolog Sarchosidis konstatere.

Det skal komme eit høgtrykk frå Nordsjøen som då skal bevege seg gradvis nordover slik at lågtrykket blir dytta bort.

Slik blir det gradvis betring av vêret i frå sør mot nord inn mot helga.

Sjølv om det ikkje nødvendigvis blir sol, så blir det opphaldsvêr.

– Det er ingen som skal få det dårleg, i alle fall, avsluttar Sarchosidis.

Ingen sommar i Førde

Ingen god sommardag i Førde sentrum. Men det skal snu.

Foto: Kasper Valestrand/NRK