Hopp til innhold

Mister leikeapparata ved skulen - veit ikkje kva tid dei får nye

Gradvis har leikeapparata utanfor Vassenden skule blitt fjerna, utan ein plan for å sette opp nye. No har elevane fått nok.

Simen Gryttingslien

ØNSKJER EI ENDRING: Elevrådsleiar Simen Gryttingslien ønskjer at kommunen bevilgar pengar til nye leikeapparat.

Foto: Trond Espen Bjoland / NRK

– Vi håpar å få støtte frå kommunen, og få pengar til nye stativ, seier elevrådsleiar ved Vassenden skule, Simen Gryttingslien.

Han står på plassen som tidlegare var fylt av leikeapparat og glade barn. No står der berre nokre slitne, gamle klatrestativ, som ingen torer å bruke. Også desse skal fjernast i løpet av våren.

Ønskjer ei endring

Grunnen til at leikeapparata vert fjerna, er at dei er gamle og i dårleg stand. Dersom dei framleis hadde vore i bruk, kunne dei dette ned, og skade elevane.

Men elevrådet ønskjer ei endring. Difor sendte dei eit brev til Jølster kommune. I brevet beskriv dei uteplassen, som gradvis får færre leikeapparat. Om nokre månader er alle apparata vekke frå skuleplassen.

FAU er skuffa

FAU ved Vassenden skule har lenge jobba for å betre utearealet. Leiar av FAU, Birgit Tansøy, forstår at det handlar om prioritering frå kommunen, men meiner likevel at det er viktig med fysisk aktivitet.

– Dei yngste elevane kjem rett frå barnehagen, der det er mykje fysisk aktivitet. Vi veit at fysisk aktivitet heng saman med resultat på skulen. Difor er det synd at elevane ikkje får vere aktive, seier ho, og held fram:

– Utan leikeapparat har ikkje dei yngste elevane noko å gjere i friminutta. Det er veldig uheldig at det går ut over dei minste.

(Artikkelen held fram under biletet)

Gamle og slitte leikeapparat

GAMLE OG SLITNE: Ifølgje Birgit Tansøy er nokre av apparata 40 år gamle. Ho meiner det er på tide at dei skiftast ut.

Foto: Trond Espen Bjoland / NRK

Tansøy seier at ho er veldig skuffa over at kommunen ikkje har fått inn nye apparat, parallelt med at det gamle har blitt fjerna. På grunn av dette vil skuleplassen om kort tid vere tom for leikeapparat.

Aktivitetspark

FAU ønskjer å bidra til å få ein aktivitetspark til skulen. For å få søke om spelemidlar til finansiering av parken, må skulen ha 200 000 kr i eigenkapital. FAU spurte kommunen før jul om dei ville stille med desse pengane, men fekk avslag.

No må FAU arrangere dugnader og loppemarknader for å samle inn pengane. Og i staden for at aktivitetsparken står klar til hausten, kan dei berre håpe på at den kjem i 2014.

Fram til det nye utstyret er på plass, må elevane finne på andre ting å gjere.

– Skulen må vere kreativ for å finne på aktivitetar for borna. Det er også viktig at dei eldre elevane engasjerer dei yngre i fellesaktivitetar. Men det er dumt at dei yngste ikkje får drive med uorganisert leik på grunn av manglande utstyr, seier Birgit Tansøy.

Forstår behovet

Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, er samd i at skuleplassen treng nytt utstyr.

– Sjølvsagt er det nødvendig, seier han, og påpeiker at det gamle utstyret måtte fjernast for å halde oppe god sikkerheit for elevane.

(Artikkelen held fram under biletet)

Oddmund Klakegg

FORSTÅR BEHOVET: Ordførar i Jølster kommune, Oddmund Klakegg, meiner at det er nødvendig med nytt utstyr på skuleplassen. (Arkivfoto)

Foto: Alf Vidar Snæland

Klakegg fortel også at det jobbast med å finne ei løysing.

– Jølster kommune har eit utgreiingsarbeid i desse dagar, der det er nedsett ei gruppe som ser på behovet for nytt utstyr, seier han.

Økonomiske utfordringar

– Vi har ein investeringsplan i kommunen, og den tar høgd for investeringar, ikkje i 2013, men på sikt, seier ordføraren.

Men han vedkjenner at finansieringa kan bli ei utfordring.

Kva tid kan det nye utstyret vere på plass?

– Dette har med økonomi og prioriteringar å gjere, som det alltid har i ei kommune. Vi har lagt opp til investeringar allereie i 2014, men her må planarbeidet sjåast på, seier Klakegg.

Håpar på ei løysing

Elevrådsleiar Gryttingslien ønskjer fleire disser og nokre klatrestativ. Han håper at brevet frå elevrådet fører til at kommunen no vil gjere noko med saka.

Trur du kommunen vil høyre på dykk?

– Vi trur dei vil sjå på det. Håpet med brevet er å få nye leikeapparat i framtida, avsluttar Gryttingslien.