Hopp til innhold

Vart skvisa i grøfta av semitrailer

Eit utanlandsk vogntog køyrde seg torsdag kveld fast på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet. Då ein mindre lastebil prøvde å køyre forbi gjekk det gale.

Vogntog skvisa i grøfta på Hemsedalsfjellet

SKVISA I GRØFTA: Den blå lastebilen (t.v) vart skvisa ut i grøfta då semitraileren byrja å skli ut i vegen. På andre sidan av brøytekanten er det ikkje langt til den bratte fjellsida.

Foto: NRK-tipsar

- Akkurat i det vi skulle til å køyre forbi, så prøver bilen som står fast å kome seg laus. Det endar med at den sklir sidelengs inn i oss, seier Bjarte Hauge som køyrde den andre bilen.

Ein periode stengde Statens vegvesen vegen for bilberging.

- Kunne gått mykje verre

Til alt hell vart ingen personar skadde, men begge bilane skal ha fått mindre materielle skader.

- Det var ikkje veldig dramatisk, men det kunne fort ha blitt mykje verre, forklarar Hauge.

Det var ved 21.50-tida at Vegtrafikksentralen først fekk melding om at eit vogntog hadde køyrd seg fast i oppstiginga frå Borlaug på riksveg 52 over Hemsedalsfjellet.

Det var passering på staden og Hauge ville difor prøve deg forbi. Men det var lettare sagt enn gjort.

(Artikkelen held fram under biletet)

Vogntog skvisa i grøfta på Hemsedalsfjellet

TETT I TETT: Bilane stod klint saman ein periode før folk på staden klarte å få dei frå kvarandre.

Foto: NRK-tipsar

Vart skvisa i grøfta

Det utanlandske vogntoget stod litt på tvers i vegbana, og sperra i hovudsak den motgåande køyrebana. For Hauge betydde det at han måtte snike seg forbi på utsida. Ikkje langt på andre sida av brøytekanten går fjellsida bratt ned.

- Det hadde vore verre om det skjedde lenger opp, der er det endå brattare. Då hadde eg blitt meir skeptisk, seier Hauge.

For då det utanlandske vogntoget sklei inn i vegen prøvde Hauge å svinge unna og la bilen så langt ut han kunne, men det enda i grøfta. Til slutt stod dei to bilane klint saman.

- Vi hamna eit stykke ute i grøfta og måtte spa som berre det for å kome oss der i frå, fortel Hauge til NRK.no ved 22.30-tida.

(Artikkelen held fram under biletet)

Semitrailer må ha hjelp av Viking på Hemsedalsfjellet

MÅTTE HA HJELP: Fleire lastebilsjåførar som kom til staden fekk hjelpt den utanlandske sjåføren til å flytte bilen ut på høgre side av vegen. Slik stod bilen til Viking kom og hjelpte den vidare.

Foto: NRK-tipsar

Fleire vogntog i trøbbel

Det utanlandske vogntoget skal ikkje ha brukt kjettingar og stod ved 22.30-tida framleis bom fast i stigninga.

Fleire andre lastebilsjåførar på staden skal ha hjelpt den utanlandske sjåføren med å få køyrt bilen slik at den ikkje hindrar trafikken.

- Vi har lirka og lura eit stund, men no står semitraileren slik at det akkurat er passasje forbi staden, seier ein yrkessjåfør til NRK ved 22.50-tida.

Bilbergar frå Viking var då på veg. Og det er ikkje berre eitt vogntog som treng hjelp ifølgje folk på staden.

- Det står eit tsjekkisk vogntog lengre oppe i bakken også, fortel yrkesssjåføren.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.