– Eg tykte det var ubehageleg, og eg vart redd, seier Thue.
Det som berre skulle vere ein relativt vanleg flytur i arbeidssamanheng til Bergen, vart hakket meir dramatisk enn ho hadde venta.
– Vi tok av på vanleg måte og venta på at skiltet for "fest setebeltet" skulle bli sløkt. Men det skjedde ikkje som det pleier, fortel Hilde Kathrine Thue frå Florø.
Kapteinen ropte «mayday»
Ho var ein av dei 17 passasjerane som var med Widerøe sitt 07.00-fly frå Florø lufthamn til Bergen lufthamn Flesland torsdag morgon.
Like før klokka 07.30 opplevde pilotane at det var røykutvikling i cockpit. Kapteinen ropte «mayday» og måtte få klarering for snarlanding på lufthamna i Bergen.
Og så kjende Thue ei lukt det er vanskeleg å ta feil av.
- LES OGSÅ:
Tenkte at noko måtte vere gale
– Det tok til å lukte litt svidd. Eg tenkte for meg sjølv at her er det noko som er gale. Så såg eg at flyvertinna fekk ein telefon frå cockpit, og etter ei stund kom kapteinen på radioen og fortalde at vi hadde røykutvikling i cockpit, seier Thue.
Ho fortel vidare at kapteinen informerte om at dei kom til å gå ned til Flesland så raskt som råd for å lande.
– Flyvertinna forklarte at dei i cockpit sat med surstoffmasker på seg, og at dei difor var litt vanskeleg å forstå gjennom høgtalarane, seier Thue.
Tenkte berre på å komme seg ned
Dei fleste av dei 17 passasjerane tok det meste med ro, einskilde sov også.
– Det var kontrollert og greitt, og nokon av passasjerane fekk det kanskje ikkje med seg ein gong. Men eg tykte det var ubehageleg og eg vart redd, seier Thue.
Ho fortel at ho tenkte ikkje på veldig mykje under hendinga.
– Det einaste eg tenkte var at vi måtte komme oss ned, seier Thue.
Sjølv om det lukta litt svidd, kom det ikkje røyk inn i kabinen der passasjerane sat.
Kom ikkje røyk inn i kabinen
– Det var berre ei svilukt som kom i luftkanalane. Då vi hadde landa fortalde kapteinen at det var varmeapparatet i frontrutene som hadde slutta å verke. Det var truleg årsaka til svilukta, seier Thue.
Sidan pilotane følte at situasjonen var under kontroll vart naudmanøveren avbroten, og det vart ikkje noko evakuering av flyet.
– Vi landa trygt og greitt, og vart taksa inn litt på utsida av dei vanlege stoppeplassane på Flesland, seier Thue.
Er nøgd med handsaminga
Der var det full beredskap med både helsepersonell og brannbilar slik prosedyrane tilseier.
– Det vart opplyst då det landa at kapteinen ville informere om kva som hadde skjedd. Og viss vi hadde spørsmål måtte vi komme med dei, seier Thue.
Ho er godt nøgd med korleis personalet frå Widerøe handsama situasjonen.
– Eg tykte vi fekk god informasjon om det som skjedde, og då vi landa var også alt greitt, seier Thue.
Glad for å vere på bakken
Ho karakteriserer stemninga i flyet som roleg. Sjølv var ho mest glad då ho var komen ned på bakken.
– Det var veldig godt å vere på bakken, ja, seier Thue.
Men ho trur ikkje ho er redd for å fly i framtida.
– Det håper eg ikkje, for eg skal etter planen fly heim i morgon, seier Thue.
Følgde prosedyrane
Informasjonssjef i Widerøe, Richard Kongsteien har ikkje svart på telefonane frå NRK, men seier til VG Nett at alle prosedyrar vart følgde til punkt og prikke.
– Dette er noko ein øver på og skal kunne handtere, men det er klart at røykutvikling i eit fly kjennest dramatisk ut i seg sjølv, seier Kongsteien til avisa.
Dashmaskina er teken inn til tekniske undersøkingar på Flesland.
Flyplassjef ved Flora lufthamn, Siv Merethe Stadheim, opplyser at trafikken til og frå flyplassen i Florø går som normalt.
– Eg har fått beskjed frå tårnet om at alt går som det skal, seier Stadheim.