Hopp til innhold

Vart fråstolen gull for tredje gong

Natt til måndag vart det stole klokker og smykker til ein verdi av 600 000 kroner frå ein gullsmed på Nordfjordeid. Politiet ønskjer tips.

Harald Fagerstrand

Harald Fagerstrand er fortvila etter nok eit innbrot i butikken sin.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Det er forferdeleg og ubeskriveleg, fortel Harald Fagerstrand som eig butikken. Han er djupt fortvila over det som har skjedd.

Dørene var låste

I halvtre-tida vart det utløyst ein alarm i butikken, og han fekk telefon frå vaktselskapet.

Innbrot hos gullsmed i Eid

Ingen vindauge eller dører vart knuste i samband med innbrotet.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

– Eg reiste til butikken og låste meg inn, for alle dørene var låste. Då såg eg at gullet var vekke, klokke-skap var tømt og pengane i kassa var vekke.

Han reknar med at folka visste kva dei ville ha.

- Det ser ut til at det har vore proffe folk på ferde her.

- Truleg det var planlagd

Operasjonsleiar Leif Bell ved politiet seier at innbrotet er raskt gjennomført.

– Dei har vore inne i butikken i få minutt, så dette har gått veldig fort. Det kan vel tyde på at det er gjerningsmenn som har planlagt dette på førehand.

Tredje innbrotet

Dette er tredje innbrotet hos gullsmedforretninga Morad Johnsen Eft i Eidsgata. I august i fjor vart varer for 400 000 kroner stole, og for seks år sidan vart det også stole gullvarer for fleire hundre tusen.

Tre personar på videobileta

Videobilete syner at tre personar tok med seg varene frå butikken.

– Vi har sett på overvakingskamera at det var tre personar inne i butikken, utover det veit vi ikkje så mykje meir, seier lensmann Webjørn Moa i Eid.

Har saumfart nærområdet

Politiet var raskt på staden for sikre bevis. Politi frå Eid, Stryn, Vågsøy og Volda jakta på tjuvane berre minuttar etter at alarmen gjekk i gullsmedforretninga på Nordfjordeid.

Gudbrandsdal politidistrikt vart også varsla om saka, med tanke på at tjuvane kunne ha reist austover.

– Vi prøvde å få eit overblikk over kva for bilar som var på vegane. Vi har saumfart heile nærområdet, også politiet i Volda har hatt ein bil ute.

Ønskjer tips frå publikum

Lensmann Webjørn Moa i Eid utelukkar ikkje at tjuvane framleis er i området.

– Vi er i starten på etterforskinga, men vi veit av erfaring at desse folka er smarte og held seg i området ei tid før dei køyrer vidare. Vi er difor veldig interesserte i tips frå publikum om nokon står parkerte på avsidesliggjande stader.

Startar rundspørring

Han har ingen forklaring på at dørene var låste då eigar og politi kom til staden.

– Vi er tidleg i etterforskingsfasen, så vi veit ikkje korleis dei har kome seg inn. Men det virkar som om dei har brukt hovudinngangen.

– Dette er tredje gongen det er innbrot her, kvifor er denne butikken så utsett?

– Det kan eg ikkje gi noko svar på. No vil vi halde fram taktisk og teknisk etterforsking og vi vil starte rundspørring i området.

Politiet er svært interesserte i tips frå folk som har gjort observasjonar i det aktuelle tidsrommet. Publikum kan ringe 02800.

Gullsmeden M. Johnsens Eftf i Eid

I natt slo tjuvane til igjen mot denne gullsmedforretninga på Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK