Hopp til innhold

Stal smykke for 400.000

Varer for 400.000 kroner vekk hjå gullsmed Monrad Johnsen Eftf. på Nordfjordeid.

Grovt innbrot i Eid

Tomme hyller i butikken. Det meste av gullsmykker vart borte etter innbrotet.

Foto: Øystein Torheim

- Dette er trasig og trist, seier eigar Harald Fagerstrand.

Vart vekt av svogeren

Like før klokka tre natt til onsdag har tjuvar brote seg inn i gullsmedforretninga i Eidsgata og stole med seg smykker og verdiar for nærare 400.000 kroner.

- Eg vakna av at svogeren min vekte meg med beskjeden, seier Fagerstrand.

Då han kom fram til butikken såg han at døra var broten opp.

Nesten alle gullvarene vekke

- Stort sett alle gullsmedvarene er borte vekk. Men dei som har gjort dette har ikkje knust noko vindauge, seier han.

Han har førebels ikkje fått vere inne i butikken på grunn av at politiet vil sikre spor i saka. Og det er ikkje første gongen butikken hans blir rana. For fem år sidan skjedde det same. Då stod han att på berr bakke fordi han ikkje hadde forsikring. Det er vanskeleg for han å forstå at det kan skje igjen.

Artikkelen held fram under biletet.

– Freistande å slutte

Monrad Johnsen Eftf. rana

Tjuvane har kome seg inn gjennom inngangsdøra.

Foto: Øystein torheim

– Det er nesten slik at det er freistande å slutte med heile greia. Held det fram slik er det lite kjekt.

BMW observert

Politiet leitar etter ein mørk BMW som skal vere sett på staden etter det grove tjuveriet på Nordfjordeid i natt. Lensmann Webjørn Moa seier det ser ut som det er profesjonelle tjuvar frå Aust-Europa som står bak.

– Døra til butikken er opna ved at låssylinderen er fjerna, og alle gullvarene frå monterane og frå skuffer er fjerna. Tjuveriet er veldig profesjonelt utført, og det kan tyde på at det er austeuropearar som har vore på staden.

– Kva byggjer du det på?

Austeuropearar innom butikken

– Innehavaren har fortalt oss at i forrige veke var det innom to menn og ei kvinne som han meiner var austeuropearar i butikken. Dei var veldig interesserte i kvar varene var, dei gjekk rundt i butikken og kika og observerte utan at dei handla noko.