Mange har måtte halde på hatten måndag. Det er restane av stormen som av britane fekk kallenamnet «Ashley» som har gjort seg gjeldande.
Vinden i Vestland målte godt over kriteria for orkan.
– Det høgaste vindmålinga vi har til no i Vestland og generelt, er Kråkenes. Der er det målt kast på 46 meter per sekund, og middelvind på 38,9 meter per sekund, seier statsmeteorolog Emili Carin Rønning.
Det har vore fleire hendingar som følge av den sterke vinden på Vestlandet, måndag morgon. Tre har blåst over ende, ferjer er blitt innstilte og mellom anna gjekk ikkje innflyginga til Bergen som planlagt for morgonflyet frå Oslo.
Flyet måtte returnere til Austlandet.
Også morgonflyet frå Trondheim til Bergen, som etter planen skulle landet på Flesland 7.55, vart omdirigert til Oslo lufthamn.
Øystein Skaar, operativ sjef i Avinor følger situasjonen nøye frå Flesland.
Foto: Oskar Rennedal / NRK– Begge flygingane måtte returnere til opprinningsstad grunna svært sterk vind på framkomstdestinasjonen. Vi gjør som vanleg vårt ytste for å hjelpe de passasjerane som er påverka her, med ombookingar til seinare flygingar og liknande, Øystein Schmidt, pressesjef SAS Noreg til NRK.
– Vi har merka godt til vinden her i dag, men flytrafikken går for det meste som normalt anna enn følgefeil frå de innstilte flygingane, seier operativ sjef i Avinor Øystein Skaar.
Dette SAS-flyet frå Trondheim skulle eigentleg lande i Bergen, men enda i Oslo.
Foto: Skjermdump / FlightradarOrkan styrke på Kråkenes fyr
Det er oransje og gult farevarsel om vindkast på Vestlandet. På Kvamsfjellet har det blitt 41,1 meter per sekund i kasta, og på Kråkenes i ytre Nordfjord har det blitt målt 46 meter per sekund.
I fyrhuset sit Oda Vederhus vêrfast, etter at ho var på dugnad for turistforeininga (DNT). Ho har vore frivillig på fyret i seks år, og tar det heile med eit smil.
– Eg er så vant til å vere på Kråkenes fyr at det går helt fint, eg er vant til dette her. Og dette er ikkje den verste orkanen eg har opplevd her ute, seier ho til NRK.



Slik ser det ut på Måløy måndag føremiddag.
FOTO: Erling Waage/NRKVederhus seier ho er fascinert over naturkreftene, og at det er mykje å følgje med på frå fyrhuset.
– Eg har god utsikt her. Fyret ligg framme på pynten, så det rister godt i veggane, fortel ho.
Vakthavande meteorolog Sigrid Auanæs bekreftar at det er målt vind i orkan styrke ved fyret.
– På Kråkenes fyr er det full storm, og det har vore oppe i orkan styrke her tidlegare i dag, seier ho til NRK i 12-tida.



Det er mykje vind ved Måløy.
– Har det begynt å minke nå, eller korleis ligg uvêret an ute på kysten?
– Uvêret er på veg nordaustover. Så strekkes det litt etter kvart mens det turar nordover. Men det ligg cirka utanfor kysten av Møre og Romsdal no, svarer ho.
Mange utan straum
Opp til 2500 straumkundar i Vestland har tidlegare vore utan straum måndag.
Truls Reed Tystad, divisjonsleiar for drift og vedlikehald i BKK seier straumbrota skuldast trær over linjene.
Eit tre sperra Bruvikvegen på Osterøy.
Foto: Helene Flølo– Dette har ført til tre større feil på Osterøy og eit par feil i Alver. Så har vi hatt litt i Gulen og Masfjorden også.
Like før klokka 12 mangla rundt 60 kundar framleis straum i dei råka områda. BKK jobba med å rette feil.



Vind på Utsira i Rogaland, der ferja har vore innstilt måndag.
Vêrfast flycrew i Florø
Eit Widerøe-fly som kom frå Oslo og som skulle lande på Bringeland ved Førde klokka 9.15, måtte snu og lande i Sogndal.
Fly som går til Molde, Florø og Haugesund er innstilte, ifølge Avinor Bergen lufthavn. Trafikken går frå Flesland.
Fleire av dei innstilte flya er på grunn av mannskap som er vêrfaste i Florø, opplyser Widerøe.
– Vi har hatt ei kansellering til Florø, der eit crew står vêrfast og ikkje kjem seg tilbake til Bergen. Derfor vart det ei kansellering, og den same besetninga skulle vidare til Molde. Ein følgekonsekvens av at dei står vêrfast i Florø rett og slett, seier pressevakt i Widerøe Lina Lindegård Karlsen.
Bekymra for å fly
Synnøve Stavdal er litt bekymra før flyginga til Ålesund måndag.
Foto: Oskar Rennedal / NRKSynnøve Stavdal var ein av passasjerane som skulle ut å fly frå Flesland. Ho skulle på eit fly til Ålesund.
– Eg er jo litt uroa, men mest for at flyet ikkje skal gå, erkjenner ho.
Ho hadde ikkje fått melding frå flyselskapet då NRK prata med ho måndag morgon. Ifølge Avinor sine sider, boarder Widerøe-flyet til Ålesund klokka 10.55.
– Så eg håpar på det beste, seier ho.
Bubil teken av vinden
I Uskedalen i Kvinnherad vart ein bubil blåst 4–5 meter av garde, før han tok fyr. Det var ingen i bubilen, men den var tett på to hus, opplyste politiet. Det vart meldt om store flammar.
Foto: Jarle Håvik / Grenda Foto: Jarle Håvik / Grenda Foto: Jarle Håvik / Grenda Foto: Jarle Håvik / Grenda
Naudetatane var tidleg på staden og fekk sløkt brannen. Det vart ingen personskadar og heller ikkje skade på bygningar rundt.
– Det er mykje vind i området, og difor rykka vi ut frå to stasjonar for å vere heilt sikre på at det ikkje skulle spreie seg vidare, seier innsatsleiar brann, Thomas Haltquist.
Stengde vegar
Som NRK meldte søndag, er Skram skule stengt. Kommunen opplyser at dei har avtale med Sea Service om transport av tilsette ved kommunens helse- og omsorgstenester, barnehagar og skular.
Fleire vegar og båtruter er stengde, både i Vestland, Møre og Romsdal og Nord-Noreg. Sjå oversikt under:
Vegtrafikksentralen melder måndag morgon at natta har vore «overraskande stille», samanlikna med det som vart meld. Operatør John Andreas Omdal hadde forventa fleire hendingar på vegane. Han seier dette likevel kan endre seg fort.
– Farevarselet varer til kl. 17 måndag ettermiddag, så dette er ikkje over.
Offshore-trafikken i gang igjen
Helikoptertrafikken til og frå oljeplattformene stod måndag morgon, men har starta opp att frå Bergen. Dei første helikoptera gjekk i 10.30-tida.
– På grunn av vêrforholda (vind/bølgehøgd) må ein rekne noko forseinkingar utover dagen, opplyser Equinor. Passasjerar blir bedne om å møte opp til bestemt tid.