Hopp til innhold

Varslar polart lågtrykk uvanleg langt sør

Det er ikkje ofte at eit polart lågtrykk strekk seg så langt sør som til Rogaland. Det skjer i helga. Stavanger lufthamn har auka bemanninga.

Bilete av polart lågtrykk

Slik ser varselet ut for helga. Det polare lågtrykket kan strekke seg heilt sør til Rogaland.

Foto: Meteorologisk institutt

Polare lågtrykk er små, intense lågtrykk som blir danna om vinteren langt nord, over dei arktiske havområda.

Difor namnet «polar».

Men no sender meteorologane ut gult farevarsel om eit polart lågtrykk uvanleg langt sør, som kan strekke seg heilt til Rogaland.

– Innimellom skjer det, men ikkje så veldig ofte, seier statsmeteorolog Marek Ratajczak.

Det er ikkje ofte at eit polart lågtrykk strekkjer seg så langt sør som til Rogaland. Det skjer i helga.

Det er ikkje ofte at eit polart lågtrykk strekkjer seg så langt sør som til Rogaland. Det skjer i helga.

Det kan gi hurtig vêrskifte frå vindstille til sterk kuling og snøfokk, og kan gi særs dårlege forhold for fartøy i sjøen, ifølge Barentswatch.

I vestleg del av lågtrykket kan det bli full til sterk storm og vind på 30 meter i sekundet, kjem det fram av varselet.

Reisande som passerer området må vere merksam på raske endringar i vêret, det vil seie rase endringar i vindstyrke og retning.

Polart lavtrykk over Nøss i Andøy

Slik kan eit polart lågtrykk sjå ut. Frå Nøss i Andøy.

Foto: Bent Ribe

Kan påverke flytrafikken

Ifølge meteorologen er det for tidleg å seie akkurat kor det polare lågtrykket vil slå til. Det betyr at det også kan treffe land, og dermed skape problem for reisande.

Polare lågtrykk er uføreseielege når det er snakk om så kraftig ver over eit så lite område.

– Dersom eit lågtrykk som dette går inn på land, så kan det påverke flytrafikken.

Han seier at i dei kraftige bygeskyene er det ein god del ising, som flya gjerne vil unngå.

Det er framleis eit par dagar til det polare lågtrykket kjem til kysten av Vestlandet, det kan framleis endre seg både den eine og den andre retninga.

Avinor varslar at Stavanger lufthamn, Sola har auka bemanning. Både brøytemannskap og maskiner står klare, opplyser pressevakt Ylva Celius Trulsen.

Vi følger med på vêret, det er ein viktig del av jobben på alle våre flyplassar. Dersom det kjem ver som påverkar drifta av våre flyplassar vil vi sette i verk tiltak.

Store konsekvensar

Tidlegare vintrar med polare lågtrykk har i visse tilfelle ført til enorme mengder snø i nord.

Polart lavtrykk, brøytebil jobber på fylkesvei 7908 på Reinøya i Karlsøy kommune

Polare lågtrykk kan føre til store snømengder også på land. Her frå Reinøya i Karlsøy kommune i 2021.

Foto: Roger Sørensen

I tidlegare tider var polare lågtrykk årsaka til mange forlis og ulykker, men i perioden frå 1999 til 2017 er det berre eit kjent tilfelle i Noreg kor liv har gått tapt på grunn av polare lågtrykk, ifølge Store norske leksikon.

Sjølv om dei polare lågtrykka blir danna over ope hav, vil dei i mange tilfelle følge ei bane inn mot norskekysten.

Då kan dei også gi overraskande og uhandterleg ver for folk på land.

Polart lavtrykk over Lofoten

Polart lågtrykk over Lofoten.

Foto: June Grønseth