Hopp til innhold

Var redd maretittet gjentok seg

Bonde Jakob Øygard fekk store skader på eigedomen då ei flaumstor Fortunselv råka gardstunet i fjor. Fredag kveld held han igjen pusten og frykta det verste.

Jakob Øygard

SPENNANDE TIMAR: Jakob Øygard ser med skepsis ned på Fortunelva.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

– Vi blir sjokkerte og redde, rett og slett. Dei andre i familien min har no reist frå garden. Dei vil ikkje oppleve det same igjen. Dette er ei skrekkoppleving, seier Øygard til NRK.no.

Han venta spent og frykta det verste etter at store ismendger losna under Harbarsbreen øvst i Fortundalen i Luster. Breveggen som har gitt etter heldt vatn under breen i sjakk. Når veggen brast, har vatnet fossa inn mot ein demning som skal halde unna for vasstrykket mot Fortunselva.

Bur nær elva

Hadde Hydro Energi sin demning gitt etter, kunne heile dalføret blitt råka av storflaum. Like etter klokka 18 kom gladmeldinga: Politiet og NVE vurderer faren som over.

Men for Øygard kunne det blitt eit trist sorti. Frå garden han, Einehaug, ca 5,5 km oppe i Fortunsdalen, er det om lag 20 kilometer opp til deminingen. Men garden ligg på ei flate berre eit par hunde meter frå Fortunselva.

Fekk elva gjennom tunet i fjor

– I fjor var det ein kollosal flaum her. Då førte store nedbørsmengder til at demingane vart fyllt opp slik at dei ikkje tok unna meir. Då fekk vi alt flaumvatnet. Det var heilt ekstremt. Ja, forferdeleg, seier Øygard.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Jakob Øygard

SKADENE: Eit av husa på garden til Jakob Øygard ber framleis tydelege spor av at elva i fjor grov seg inn under bygget.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Når NRK møtte han på gardstunet i 17-tida fredag ettermiddag var dottera og familien hennar trygt på plass hos vener, om lag ein kilometer unna. Og husdyra flytta i sikkerheit.

Øygard hadde då fått beskjed frå politiet om at han kunne bli evakuert. Like nedanfor bonden hadde elva vekse seg tre-fire gonger større enn kva som er normalt for årstida.

Krev sikring

– Det er jo spennande, og. Det er på sett og vis ei oppleving å sjå på elva, men vi ønskjer sjølvsagt ikkje å oppleve slikt. Eg håpar dette kan vere ein vekkjar for NVE og Hydro som utbyggjar. At det blir gjort grep for å sikra vassdraget skikkeleg, seier gardbrukaren.

Ved førre flaum fekk familien øydelagt ein bil, og rundballar flaut fleire kilomter nedover dalen.

LES OGSÅ: Dette skreiv NRK.no etter flaumen i september i fjor: