Hopp til innhold

Vanskelegare å få tak i røyk

Legeforeininga ønskjer å få ned talet på røykjarar og snusarar, og føreslår derfor å gjere det vanskelegare å selje og kjøpe tobakksprodukt. Og dei får støtte av Helsedirektoratet.

Sigarett
Foto: Illustrasjonsfoto: www.colourbox.no

Norge er nemlig det landet i Vest-Europa som har flest utsalsstadar av tobakk. I dag er einaste kravet til utsalet at tobakksseljar skal vere over 18 år.

Men Legeforeininga ønskjer at berre butikkar og utsalsstader som har bevilling for sal av alkohol skal få lov til å selje tobakk . Og det berre i same tidsperioden det er lov å selje alkohol.

Berre ein stad i heile kommunen

Førde ølutsal

Førde ølutsal

Foto: Cosmin Cosma / NRK

I Førde kommune betyr det at einaste staden ein kan få tak i tobakk er på Ølpolet. Førde er ein av seks kommunar i landet som framleis har ølpol. I tillegg lurar Flora på å gjeninnføre det .

I tillegg ønskjer Helsedirektoratet å heve aldersgrensa frå 18 til 20 år.

- Det er viktig å sende eit sterkt signal til befolkninga, seier direktør i Helsedirektoratet, Bjørn-Inge Larsen.

Til neste år

Bjørn-Inge Larsen, direktør i Helsedirektoratet

Bjørn-Inge Larsen, direktør i Helsedirektoratet

Foto: Nyhetsspiller / NRK

Forslaget frå Legeforeininga kan, ifølgje Bjørn-Inge Larsen, vere på plass allereie til neste år, viss regjeringa støttar forslaget.

Ifølge tal frå Helsedirektoratet har talet på røykarar gått ned frå omlag 1050000 til rundt 850000 dei siste seks åra, med direktøren er langt frå nøgd.

- Det er alt for mange som røyker i Norge. Og det viktigaste er å hindre at vi får stadig nye generasjonar av ungdom som byrjar å røyke, seier Larsen.