Hopp til innhold

- Denne saka er veldig vanskeleg

Erik Tysse sin personlege sponsor vil ikkje bryta samarbeidet med kappgjengaren. Førebels.

Necon-direktør Aslak Leikvoll Gundersen om Erik Tysse.
Foto: NRK / NECON

Norwegian Engineering & Consulting (NECON) er Erik Tysse sin personlege sponsor. Tysdag kom det fram at Tysse har testa positivt på bloddoping-middelet CERA under eit kappgang-stemne i Italia i mai i år.

- Ein veldig vanskeleg situasjon for oss

Administrerande direktør Aslak Leikvoll Gundersen i Necon, seier dei syns saka er veldig vanskeleg for selskapet.

- Det er ein veldig vanskeleg situasjon for oss.

- Me sponsar mange idrettsutøvarar for å fremja sunn og god idrett. Når det kjem ein mistanke så er det ikkje godt for korkje idretten eller for selskapet som støttar opp om dette, seier Leikvoll Gundersen til NRK Hordaland.

LES ÒG: Usikker framtid for Tysse-trener | Letta over at saka kom ut

Men firmaet vil ikkje bryta samarbeidet med Erik Tysse, trass i mistankane om bloddoping. Det skriv Nettavisen i dag.

- Tysse er korkje meldt eller dømd

- Han er korkje meldt for doping eller dømd, og me vil følga saka nøye for me tek endeleg stilling til det vidare engasjementet vårt i forhold til Erik, seier NECON-sjefen.

Dersom det kjem fram nye opplysingar, utelukkar han ikkje eit brot med kappgjengaren.

- Me har anledning til å bryta avtalen, og det vil me vurdera viss det kjem fram nye opplysingar i saka, seier Leikvoll Gundersen til NRK.