Hopp til innhold

- Letta over at dopingsaka endeleg er kjent

I meir enn seks veker bar han og familien på dopingsaka i stillheit. I dag var ein letta Erik Tysse tilbake i trening på Søfteland.

Video Massiv støtte til Tysse

Erik Tysse får massiv støtte frå kjente og ukjente.

I går innkalte Friidrettsforbundet og Erik Tysse til presskonferanse. Saman med rådgjevarane sine informerte Tysse om at han testa positivt på CERA , ei form for bloddoping eller EPO, etter eit stemne i Italia i mai.

I dag fortel Tysse at han er letta over at saka endeleg har kome ut. Han, familien og trenaren har visst om testresultata sidan 3. juni.

LES ÒG: - Uglesett i Norge | Tysse kan gå konkurs | Støttar broren

- Nå treng eg ikkje å unngå folk

- Det er ein lettelse at ting har kome ut, nå treng eg ikkje å unngå folk, seier Tysse då NRK Hordaland møter han på Søfteland der han trenar saman med Stefan Plätzer.

- Dei siste seks vekene har gått unna med eit veldig stort trykk på heile familien, det har vore tungt, fortel kappgjengaren.

- Kunne sagt eg var skada

Før dopingsaka kom ut var Tysse eit av Norge sine største medaljehåp til EM i friidrett, som går av stabelen i Barcelona 27. juli. No er han suspendert frå konkurransen.

Erik Tysse og Stefan Plätzer

Tysse var ute og kappgjekk med trenar Stefan Plätzer på Søfteland i dag.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

- Eg kunne sagt at eg var skada, så hadde alle gløymt det og ingenting hadde kome ut før ei eventuell anmelding, seier Tysse.

- Men ein vil ikkje lyga til folk, det var derfor me gjekk ut med dette nå.

Får støtte frå ukjente på SMS

Tysse fortel at han ennå ikkje har opplevd å få direkte negative tilbakemeldingar etter at dopingsaka kom ut.

- Viss folk treff meg vil eg at dei skal seia kva dei meiner, i staden for å stå og sjå på, seier han.

Til no seier Tysse han berre har opplevd å få støttande kommentarar, og det frå både kjente og ukjente. Mellom anna har han motteke tekstmeldingar som denne:

"Eg kjenner ikkje deg, og du kjenner ikkje meg, men eg har fulgt med idretten i alle år. Eg er fysioterapeut av yrke, eg veit at du er uskuldig i denne saka. Stå på"