– Å først bli nominert, og så vinne, det tar eg som ei stor ære, seier Ole Gjermund Digernes.
Kulturlandskapsprisen 2014 i Hordaland vart i år delt ut for 19. gong, og gjekk til gardsbruket Ole Gjermund Digernes har på Digernes på Stord og Otterøy i Bømlo. Garden til Digernes konkurrerte mot 11 andre gardsbruk i Hordaland.
– Det er ei stor ære, for det er jo mange fine gardsbruk i Hordaland, seier han.
– Spesielt vakker
GODT BEVART: På garden til Ole Gjermund Digernes på Stord er det flotte steinmurar å sjå.
Foto: Jan Rabben / Fylkesmannen i HordalandPrisen er på 50.000 kroner, og garden er Hordaland sin kandidat til den nasjonale Kulturlandskapsprisen 2015. Temaet i år var kystgarden.
– Alle som var med frå kulturlandskapsgruppa hadde ei felles oppleving om at det var denne garden som måtte vinne i år, seier Åse Vaag som er landbruksdirektør hos Fylkesmannen i Hordaland.
– Ole Gjermund Digernes har den mest perfekte og mangfaldige kystgarden. Garden er spesielt vakker og godt varetatt, både jord og bygningar, seier ho.
Og vinnaren seier seg einig i det Vaag seier.
– Det var mykje gode ord på ein gong, men det er vel eigentleg sant, flirer han.
(Saka held fram under bilete.)
VELSTELTE BYGG: Då Åse Vaag besøkte garden til Digernes var ho imponert over at både bygg og jorda var velstelt.
Foto: Jan Rabben / Fylkesmannen i HordalandGod hjelp av sauene
HJELPER PÅ: Sauene på Digernes og på Otterøy er med på å halde landskapet på garden velstelt og fint.
Foto: Jan Rabben / Fylkesmannen i HordalandDigernes sin gard er delt, med garden på Digernes på Stord, og Otterøy på Bømlo eig bonden halvparten av. Der har han ein flokk med villsauer.
– Det er sauene både der ute, og her heime som gjer ein stor del ut av bevaringa av kulturlandskapet, seier Digernes.
– For meg er det viktig at det ikkje gror over med ugras, lauv og kratt. Sauene er med på å hjelpe, og så er det igjen med å produsere godt kjøt, seier han.
Han innrømmer at prisen gir inspirasjon, men på spørsmål om det blir meir arbeid framover er han litt usikker.
– Det veit eg ikkje, for eg jobbar vel eigentleg nok, seier han muntert.
SJÅ DRONEFILM FRÅ DIGERNES:
SJÅ VIDEO: Dronefilm av Digernes. FOTO: Fylkesmannen i Hordaland / Lars Melkevik (Axenta AS) og Magne Langåker.
SJÅ DRONEFILM FRÅ OTTERØY:
SJÅ VIDEO: Dronefilm av Otterøy. FOTO: Fylkesmannen i Hordaland / Lars Melkevik (Axenta AS) og Magne Langåker.