Hopp til innhold

Vann kampen om fjernvarme

Noregs Vassdrags- og Energidirektorat har avgjort kven som får byggje og drive fjernvarmeanlegget i Førde kommune.

Førde sentrum

Fjord Miljøenergi får konsesjon på fjernvarmeanlegg i Førde.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Fjord Miljøenergi AS har fått konsesjon på å byggje og drive fjernvarmeanlegget i Førde.

- Gode nyhende

Konsesjonen opnar for ei storskala satsing på bionenergi frå skogs- og landbrukssektoren i fylket.

- Denne konsesjonstildelinga kjem på ei tid då det er stor uvisse om utviklinga i skogbruksnæringa, og samstundes som det er ein historisk sterk fokus på berekraftig og klimavenleg energiforsyning. Konsesjonen er svært gode nyhende for Førde og for fylket frå begge desse perspektiva, seier Dagleg Leiar i Fjord Miljøenergi, Trond-Inge Kvernevik i ei pressemelding.

Vann over Sunnfjord Energi

Verksemda vann konsesjonen i kamp med Sunnfjord Energi.

- Med konsesjonen på plass kan vi no vidareføre arbeidet med å avtale leveransar av biomasse til anlegget, og førebu sal av fjernvarme til miljømedvitne energikundar i Førde, seier Kvernevik.