Hopp til innhold

Valde å rømme frå vassmassene

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

To personar valde i natt å evakuere frå heimen sin Stardalen i Jølster i natt etter store, trugande vassmassar.

Politiet var på synfaring i går kveld, men fann då ikkje grunn til å pålegge evakuering, men to av bebuarane valde likevel å flytte ut på eige initiativ, seier operasjonsleiar Arild Stokkereit.

Det var Stardalselva som truga med å gå over sine bredder. Dei to som valde å reise frå heimane sine bur ved Fonn, lengst inn i Stardalen.

70 år gamle Magnus Fonn som seier han aldri har sett elva ved huset sitt så stor som i går kveld.

- Då eg var ved brua i 21-tida i går kveld slo elva vatn over brua, klokka 23 hadde elva stege enda meir.

Då klokka nærma seg midnatt turte ikkje Fonn å vere heime lenger, og valde å reise frå heimen sin.

- Hadde elva heldt fram med å vekse hadde ho gått over forbygningane og vatnet hadde kome rundt husa, seier Fonn.

70 år gamle Fonn har aldri sett liknande i heile sitt liv.

Det har kome store menger regn i natt. Folk melder om svært høge vasstandar, stengde og øydelagde vegar og straumlause heimar.