Hopp til innhold

Vågsøy vil ha indre E39-line

Eit fleirtal i Vågsøy kommunestyre vil at E39 bør gå slik Vegvesenet tilrår med tunnel under Utvikfjellet og ei framtidige brukryssing av Nordfjorden ved Svarstad i Stryn.

Planlagd bru over Nordfjorden.

Fleirtalet i Vågsøy vil ikkje ha E39-kryssing mellom Anda og Lote.

Foto: Montasje: Aas-Jakobsen.

Dermed går fleirtalet i Vågsøy imot alternativet med bru mellom Lote og Anda, slik nabokommunen Eid så sterkt ivrar for.

LES OGSÅ: La fram forslag til trase for E39 i Nordfjord

LES OGSÅ: Full krangel om E39

Morten Hagen

Ordførar Morten Hagen i Vågsøy.

Foto: Thomas Hagen

Kommunestyret har drøfta saka utan å gjere vedtak, men ordførar Morten Hagen seier diskusjonen viste fleirtal for det indre alternativet av omsyn til kystvegen.

– Større sjanse for bru i ytre

– Når det gjeld løyvingane til E39 og til Kystvegen så konkurrere dei i utgangspunktet ikkje med kvarandre. Men så er det slik at i framtida er det tenkt bru både på E39 og på Kystvegen i ytre Nordfjord.

– Dersom det midtre alternativet blir valt for E39 så er sjansane for å få bru i ytre Nordfjord vesentleg mindre enn om ein vel det indre alterantivet i Stryn. Det er grunnen til at eit fleirtal hella mot det indre alternativet.