Hopp til innhold

Vinden knekte frukttrea: Ventar svært sterk vind

Velta frukttre og stolpar som var knekte rett av var synet som møtte fruktbonde Ingrid Sekse i Hardanger. No førebur ho seg på meir og kraftig vind.

Øydeleggingar etter vind i fruktfelt på Sekse i Ullensvang

RYDDAR: Ingrid Sekse og Siri Kvalfoss i Hardanger ryddar opp i velta frukttre og førebur seg på meir og kraftige vind.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Vi er vane med kastevindar, men i natt var dei så sterke at ein del tre har blitt øydelagde, fortel ho.

Og med eit oransje farevarsel i vente, fryktar ho for trea sine. Difor har dei i heile dag sett opp nye stolpar og strengar og fjerna velta tre. Ho høyrer at vinden byggjer seg opp i fjellsidene.

– Eg er meir nervøs no med dette varselet. Om ikkje støttesystemet er oppe, vil heile rekkene kunne velta i vinden. Det er 100 meter med epletre som kan knekka, seier ho.

knekte trær

KNEKTE TRÆR: Vinden knekte fleire frukttre på garden til Ingrid Sekse.

Foto: Ingrid Sekse

Sterke vindkast er venta å skapa store problem fredag og laurdag. Allereie har bruer vore stengde, tre har velta over kraftlinjer, og det er vanskelege køyreforhold.

I denne saka kan du lesa om:

Det er sendt ut oransje farevarsel på svært kraftige vindkast i delar av Agder og indre strok av Rogaland og Hordaland frå klokka 15 fredag. Dette varar til seint laurdag ettermiddag.

– Toppane på uvêret vil variera i dette området. Nokre stader kjem dei i kveld eller natt. Andre stader i løpet av laurdag morgon eller føremiddag. Dette kan vera ganske lokalt, og vi veit ikkje kor og når den sterkaste vinden kjem, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid.

Han fortel at det er uveret «Babet» som herjar over Storbritannia, Danmark og Tyskland som påverkar oss.

– Dette er eit lågtrykk som pressar på eit høgtrykk som ligg over Nord-Skandinavia. Det blir eit kraftig austleg vindfelt som fører til uvêret i deler av Sør-Noreg.

Høgtrykk møter lågtrykk

Kva skuldast all vinden i Sør-Noreg? Meteorologisk institutt har på X/Twitter lagt ut dette kartet. Her ser du at eit lågtrykk og eit høgtrykk er nær kvarandre. Dette fører til at lufta pressar seg mellom og dannar sterk vind. Vêrsituasjonen skapar trøbbel for Vest-Europa i form av sterk vind, høg vasstand og mykje regn.

Foto: Meteorologane

Det kan komma vind opp mot 40 sekundmeter i kasta frå aust, spesielt i fjellet. Vinden kan vera den sterkaste på 10 år.

Det er også farevarsel for kraftige vindkast på gult nivå fleire stader i Sør-Noreg.

uvær

Her er det venta mykje vind det næraste døgeret.

Foto: Meteorologisk Institutt

Forsiktig med takboks og tilhengjar

Tidlegare i dag var det registrert vindkast på 27 meter i sekundet på Hardangerbrua på rv. 13, og brua var ein periode stengd. Brua kan også bli stengd utover dagen, melder Vegtrafikksentralen Vest.

Trafikkoperatør Kjetil Larsen åtvarar bilistar mot å køyra over vindutsette bruer med takboksar og lette tilhengjarar.

– Det bles kraftig, og vinden er venta å ta seg opp utover dagen, seier han.

Bilistar som skal over fjellovergangane vert også bedne om å tenkja seg om både ein og to gonger.

– Spesielt i fjellet er det meldt mykje vêr, og det kan verta kolonne og stengt på kort varsel, seier han.

Helikoptertrafikken til og frå Stavanger til Nordsjøen er også råka.

Møte i beredskapsrådet

Det blei kaotisk i morgontimane då fleire sørlendingar vakna til snø og sterk vind i dag.

Dagleg leiar i Agder kultursenter Agnes Repstad skulle reisa frå Kristiansand til eit møte hos familie- og kunnskapskomiteen i Oslo. Det blei litt meir dramatisk enn ho hadde tenkt.

– Først small taxien på veg til flyplassen i ein fender, sjølv om han hadde piggdekk. Inne på flyplassen går straumen. Deretter måtte vi venta ein time på avising. Eg kvir meg allereie til heimturen for då har eg høyrt at det skal bli mykje verre. Eg vurderer tog, seier ho.

Fylkesberedskapsrådet i Agder hadde i formiddag møte med fleire etatar og kommunane for å diskutera uvêret.

– Vi er godt førebudde, seier fylkesberedskapssjef Yngve Årøy etter møtet.

– Det er ein risiko for at straum og telesamband forsvinn. Vi tilrår at kommunane tek høgde for det og sjekkar naudstraumsaggregat og reservesamband.

Årøy peikar på at det også er viktig med rutinar for å ta vare på sårbare grupper i samfunnet.

Første vintervær ved Harebakken i Arendal

Første vinterver ved Harebakken i Arendal.

Foto: Tom Nicolai Kolstad / NRK
Svartavatnet i Saudafjellene.

Svartavatnet i Saudafjellene.

Foto: Per Inge Fjellheim
Skilt falt pga dårlig vær på Møvig i Kristiansand

Skilt fall på grunn av dårleg ver på Møvig i Kristiansand

Møvig i Kristiansand

Ved Møvig i Kristiansand.

Foto: privat
Statens vegvesens webkamera Haslestad Arendal

Biletet viser Statens vegvesens webkamera på fv421 ved Haslestad i Arendal.

Mange våknet opp til snø fredag 20. oktober.

Mange vakna opp til snø fredag 20. oktober.

Mobilnettet ute: – Alvorleg

I Samnanger kommune i Vestland har eit velta tre skadd ein fiberkabel og vidare slått ut mobilnettet i delar av kommunen.

Vinden skapar problem for reparasjonsarbeidet.

– Vi er avhengige av lift for å gjera jobben. Men grunna kraftig vind kan vi ikkje bruka dette no. Difor ser vi etter alternative måtar å løysa dette på, seier Anders Krokan, pressesjef Telenor.

Han veit ikkje kor mange kundar som er råka eller kor lang tid det vil ta å få ordna feilen.

– Eit kvart utfall av mobilnettet er alvorleg, seier fylkesberedskapssjef hos Statsforvaltaren i Vestland, Haavard Stensvand.

Folk som har bruk for hjelp må prøva å varsla på andre måtar inntil vidare.

Trevelten har også slått ut alarmsystemet for pleie- og omsorgstenestene i kommunen.

– Dette vart dei klare over allereie i natt, og dei har jobba for å gjera tiltak, seier Stensvand.

Dessutan var over 300 kundar i BKK sitt område i Vestland råka av straumbrot.

– Vi har hatt utfall på grunn av vêret fire stader i Vestland. Kastevindar er alltid ei utfordring, seier pressekontakt Rolf Sanne-Gundersen.

Mange våknet opp til snø fredag 20. oktober.

Slik såg det ut i Kristiansand fredag morgon.

Foto: Oda Ditlefsen Karlsen

Sit vêrfaste i Danmark

Uveret rammar også Danmark og Dagbladet melder at mange flyavgangar på Kastrup i København er kansellerte i dag.

Color Line har kansellert fleire avgangar mellom Kristiansand og Hirtshals og Larvik og Hirtshals både fredag og laurdag.

13 elevar og ein lærar ved linja «Reiseliv og utvikling» ved Agder folkehøgskole i Søgne er blant mange nordmenn som no sit vêrfaste i Danmark.

– Vi har vore i Jylland og sett på ulike attraksjonar sidan måndag, og vi skulle vore heime i dag. Eg sit og ser rett ut på havet, og det bles friskt, for å seia det sånn, seier lektor Arne Brattekleiv til NRK.

Danmarks Meteorologiske Institut har sendt ut varsel om «svært farleg vêr» i samband med høg vasstand.

Elever og lærer ved linjen Reiseliv og utvikling ved Agder folkehøgskole i Søgne sitter værfaste i Danmark.

13 elevar i alderen 19 til 27 år ved Agder folkehøgskole kjem seg ikkje heim enno på grunn av uveret. Førebels er beskjeden at dei kan reisa heim laurdag klokka 12.15.

Foto: Arne Brattekleiv/PRIVAT

La bilen stå

Politiet ber folk som ikkje har bytta til vinterdekk på bilen om å la bilen stå.

– Iallfall om du er ein stad i distriktet kor det har falle ein del snø, som det mellom anna har gjort i Aust-Agder. Om du ikkje absolutt må ut å køyra i ettermiddag, er det greitt å la bilen stå om du har sommardekk, seier oppdragsleiar Daniel Lio Henriksen i Agder politidistrikt.

Det er meldt svært kraftige vindkast i Agder frå klokka 15 i ettermiddag og fram til laurdag kveld.

– Om du ikkje har noko spesielt på tapetet i ettermiddag, så bør du kanskje halda deg heime og sikra eventuelle lause gjenstandar som kan bli tekne av vinden.

Bil på tvers på E18 i Arendal

Ein bil sklei på E18 ved Grimstad og blei ståande på tvers i vegen.

Foto: Erik Wiig Andersen / NRK