Ekstremveret «Ivar» har kome innover land, og er også til dei grader merkbart mange stader her i fylket også.
– Det er veldig mykje dårleg ver og vi har kanselleringar og forseinkingar som ein følgje av det. Den vermeldinga ser ikkje så lovande ut for ettermiddagen, men det kan sjå ut som det skal løye utover kvelden, seier informasjonssjef i Widerøe, Silje Brandvoll, til NRK.no
Førebels har flyselskapet kanselleringar på Florø og Sandane.