Hopp til innhold

Bergensbanen opna etter avsporing

På Bergensbanen spora eit arbeidstog av oppe på fjellet i føremiddag. Dårleg vêr gir kolonnekøyring på fleire fjellovergangar.

Arbeidstog spora av mellom Myrdal og Hallingskeid

Sju timar etter avsporinga var arbeidstoget tilbake på skinnene, slik at Bergensbanen kunne opnast for person- og godstransport.

Foto: Bane Nor

Bane Nor fekk kring klokka 10.10 melding om avsporinga som har skjedd mellom Hallingskeid og Myrdal.

Klokka 17.11 melde dei at arbeidstoget omsider var tilbake på sporet og Bergensbanen gjenopna.

I sju timar kunne dermed verken gods- eller passasjertog passera.

– Det er ikkje meldt om personskade, fortalde pressevakt i Bane Nor, Harry Korslund, til NRK.

Toget som skulle berga arbeidstoget var framme i halv tre-tretida.

Arbeidstoget hadde med seg ei tilhengartralle då det spora av. Avsporinga skal ha skjedd i låg fart.

– Dei står ikkje hulter til bulter. Me har ingen mistanke om at det er stor skade på toget, seier Korslund.

Bane Nor opplyser at toget har spora av mellom Hallingskeid og Myrdal.

Stengde fjellovergangar

Stengde vegar og kolonnekøyring prega fjellovergangane i Noreg tysdag morgon.

– Det er sterk vind og snøfokk som gjer at det er stengd, sa trafikkoperatør Marianne Hove ved Vegtrafikksentralen vest.

Det roa seg utover dagen.

Ved Holesvingane på Vikafjellet gjekk det eit snøras over riksveg 13 like etter klokka 13 tysdag.

– Ingen er tatt av raset, men ein må ha brøytebil for å få det fjerna, melde Vest politidistrikt på Twitter.

Leiro bom på rv. 7

STENGD: Leiro bom på rv. 7 klokka 07.10 tysdag.

Foto: Statens vegvesen

Slik er stoda på fjellovergangane klokka 16:

  • Rv. 15 Strynefjell: Ope
  • Fv. 53 Tyin – Årdal: Ope, men redusert sikt
  • E16 Filefjell: Ope
  • Rv. 52 Hemsedal: Ope
  • Fv. 50 Hol – Aurland: Kolonnekøyring
  • Rv. 7 Hardangervidda: Kolonnekøyring p.g.a. smal vegbane
  • E134 Haukelifjell: Kolonnekøyring
  • Rv. 13 Vikafjell: Fri ferdsel etter snøraset
    Arbeidstog spora av mellom Myrdal og Hallingskeid, og hjula vart ståande like utanfor skinnegangen.

    Arbeidstoget vart ståande med hjula like utanfor skinnegangen.

    Foto: Bane Nor