Hopp til innhold

Uvanleg tørr november i regnbyen Bergen: – I ferd med å overta for Oslo 

Sola skein tre gongar så mykje i Bergen som i hovudstaden denne månaden.

Sol i Bergen

SOL: Bergen fekk uvanleg mykje sol i november.

Foto: Anna Takle

SOL: Bergen fekk uvanleg mykje sol i november.

Foto: Anna Takle

Regn på vestlandet, sol på Austlandet og full storm i nord.

Det er gjerne slik ein generaliserer om vêret i Noreg.

Men denne månaden har vestlandshovudstaden Bergen vist seg frå si beste side.

– Det har faktisk vore tre gongar så mange timar med sol i Bergen som i Oslo, seier Julie Solsvik Vågane.

Ho er vestlending, meteorolog, og som etternamnet viser: glad i sol.

– Ein blir jo litt glad når ein får betre vêr enn austlendingane, seier ho.

For medan Oslo fekk 24 timar med sol i november, fekk regnbyen Bergen heile 79 soltimar!

Julie Solsvik Vågane
Foto: Iuliana Alex / NRK

Lite nedbør i vest

– Det har faktisk vore ein uvanleg tørr november i Bergen i år.

Det seier Ketil Tunheim. Han er klimavakt ved Meteorologisk institutt og har full kontroll på statistikkane frå novembermånaden.

Til vanleg må bergensarane ta i mot 275 millimeter med nedbør i årets første vintermånad.

I år har dei fått 81,5 millimeter.

– Det er svært uvanleg. 9 av 10 novembermånadar er våtare enn dette, seier Thinheim.

Og det meste av dei millimeterane kom i løpet av nokre få døgn midtvegs i månaden.

– Så derfor har ein nok opplevd november som ekstra tørr, sjølv om det har kome litt nedbør.

Det seier vêrstatistikar Roger Næss. Han er den tredje personen me har snakka med om det uvanleg fine vêret i Bergen.

– All denne sola er sjeldan vare. Me er i ferd med å overta Oslo, seier bergensaren lurt.

Oslo tar truleg tilbake trona

Sjølv om november har vore tørr i vest, ser starten på desember ut til å by på endring.

– Det blir kaldt, sol og tørt dei fleste stadar i landet. På vestlandet blir det meir skya og det kan faktisk koma snø, seier statsmeteorolog Charalampos Sarchosidis.

Også i Nord-Noreg kan det koma litt snø, men det blir lite vind og generelt fint vêr, seier meterologen.

Les også September var blant dei våtaste på 123 år

Regn blei det i sommar også

– Finast blir det nok i indre strøk og på Austlandet. Der blir det skyfritt og sol heile helga.

Sarchosidis kan freista med fint vêr i store delar av landet heilt ut til onsdag neste veke.

– Men så blir det usikkert. Det kan koma eit vêrskifte mot slutten av veka, men det er litt tidleg å seia sikkert enno, seier han.