Hopp til innhold

Utvegen var å byrje med wrestling

Då Stig Hopland miste jobben og kjærasten var tida inne for å ta eit dramatisk val...

Stig Hopland

KLAR FOR USA: Stig Hopland frå Stryn reiser til USA for å satse på wrestling - eller amerikansk fribryting. Han er førebudd på å få mykje juling i løpet av dei neste åra.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Eg var plutseleg arbeidsledig og sleit med kjærleikssorg. Kva skulle eg gjere for å komme meg bort - og kvifor ikkje byrje med fribryting, seier Stig Hopland.

- Skal Gud ta livet av meg, så skal vi gjere det på min måte - og då blir det i fribrytarringen i statane, seier han.

Vil leve av å gje og få deng

Då Stig Hopland frå Stryn miste jobben og kjærasten, var tida inne for å ta eit dramatisk val: Han kunne gå heime og deppe - eller han kunne leve ut draumen som har levd i han sidan familien fekk si første parabolantenne. Han valde det siste...

- Eg vil gjerne bli ei slik amerikansk brytestjerne. Det hadde vore heilt knall å leve av å gje andre deng og å få deng, seier Hopland.

- For amerikansk fribryting handlar mykje om deng?

- Ja, det er vel eigentleg berre deng. Og så litt teater.

Må vere førebudd på smerte

10. januar startar Hopland som student ved Atlanta World Wrestling Alliance & Professional Wrestling School. Det er eit treårig utdanningsløp, som skal forvandle den permitterte trappefabrikkarbeidaren til eit muskelberg med minimal påkleding.

Og: Han må vere klar til å ta imot mykje smertefull juling frå motstandarane - og står ståhei frå publikum.

- Eg skal starte nybyrjarnivå, og gradvis lære meir og meir. Etterkvart skal eg delta i kampar og turneringar, og draumen er å kunne leve av det, seier Hopland.

(ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET)

Stig Hopland

INGEN VALDELEG TYPE: - Eg er ikkje ein valdeleg type. Kanskje er det difor eg vil ta det ut gjennom teatersport på denne måten, seier Stig Hopland.

Foto: Arve Uglum / NRK

- Handlar om stunt og show

Amerikansk fribryting - eller wrestling - er ein svært populær sport i USA. Kampane er arrangerte, og det kan best samanliknast med eit smertefullt teater.

Kampane kan samla hundre tusen tilskodarar rundt ringen. Fleire millionar følgjer med på TV.

- Wrestling integrerer bryting og kampsport med stunt og show. Poenget er å lage engasjerande kampar, der publikum let seg rive med. Det er avtalt spel, men det er like smertefullt som det ser ut, seier Erik «Ikonet» Isaksen.

Kan bli wrestlar om eitt år

Isaksen er norsk wrestling sin frontfigur, og kjenner idretten frå innsida.

Lurer du på kva wrestling er? Du kan få ein liten smakebit her.

- Hopland kan forvente seg mykje juling og masse vondt. Om han er flink og førebudd på det han går til, kan han bli wrestlar om eitt år eller to, seier Isaksen.

Redd - men likar sporten

Heime i Stryn sit mamma Anne Marie Hopland. Ho vedgår at ho er redd for kva som ventar sonen i bryteringen i USA, men kryssar fingrane for at det skal gå bra.

- Er det kjekt å sjå at han lever ut draumen?

- Ja, det synest eg faktisk. Han har vore interessert i dette sidan han var liten, seier ho.

- Ho er bra oppteken av denne sporten sjølv, påpeikar Stig Hopland.

- Er du ein valdeleg type?

- Nei, absolutt ikkje. Det er kanskje difor eg må må ta igjen gjennom teatersport - og ikkje på byen som andre gjer, seier Hopland.