Hopp til innhold

Utsett sjukehus-fråsegn

Etter ønskje frå Senterpartiet utsette Fylkesutvalet tysdag kveld handsaminga av høyringsfråsegna om sjukehus-strukturen i fylket.

Utsett sjukehus-fråsegn

Deler av fylkesutvalet som var samla tysdag.

Foto: MMS-foto: Eldgrim Fossheim

Dermed blir det eit nytt fylkesutvalsmøte i morgon før fylkestinget skal handsame saka.

Gruppeleiar Jenny Følling i Senterpartiet seier dei ønskjer å få til ei fråsegn som er samlande, og der er stadige samtalar mellom Sp og Ap i forsøk på å finne saman. Difor ønskjer partiet meir tid, seier Følling.

Dette virkar likevel svært vanskeleg slik saka står tysdag kveld. Årsmøtet til Senterpartiet har tidlegare sagt at dei vil ha sjukehus som no, og at det må komme meir pengar. Det er ikkje svar på oppgåva frå Helse Førde.

Helse Førde har i utgangspunktet bedt høyringsinstansane velje mellom tre ulike modellar som er mogelege innanfor dei økomiske rammene føretaket har. Helse Førde tilrår ein modell med Sentralsjukehus og to lokalmedisinske senter. Alternativet er å avvikle Sentralsjukehuset og gjere det om til lokalsjukehus på linje med skulehusa i Lærdal og på Nordfjordeid. Den tredje modellen er å sitje att med berre Sentralsjukehuset, men dette har helseministeren avvist.

Arbeidarpartiet er innstilte på å svare på oppgåva frå Helse Førde, seier gruppeleiar Åshild Kjelsnes. Ho vil ikkje seie meir om dette tysdag kveld, men med både Clara Øberg og Harry Mowatt i gruppa, er det svært nærliggande å tru at gruppa i hovudsak vil støtte tilrådinga frå Helse Førde. Dette er også i samsvar med tilrådinga frå fylkesadministrasjonen.

Ap fristiller gruppa

-Ap vil i denne saka stille medlemmene fritt, seier Kjelsnes.

Det betyr at enkelte Ap-medlemmer kan få stemme annleis enn resten av gruppa. Kjelsnes seier likevel at det er eit fleirtal i gruppa som ønskjer å svare på oppgåva dei har fått frå Helse Førde.

Opposisjonen er blitt samde

Opposisjonspartia Krf. V. H og FrP hadde tysdag kveld samla seg om eit fellesforslag til fråsegn. Dette forslaget inneheld mellom anna:


-Fylkestinget kan ikkje godta at strategiplanen til Helse Førde vert basert på Samhandlingsreformen, som enno ikkje er vedteken i Sortinget.


-Fylkestinget går inn for Sentralsjukehus i Førde og lokalsjukehus i Lærdal og på Nordfrjordeid. Fylkestinget godtek ikkje kutt i dagens tilbod ved Senralsjukehuset


-lokalmedisinske senter er ikkje tilfredsstillande erstatning for lokalsjukehusa
og sist men ikkje minst:


- SFj må få meir pengar til helse.


Opposisjonspartia legg også til: - Dette vil vere innanfor det regjeinga lova i si regjeringserklæring.

Risikerer at inga fråsegn får fleirtal

Forslaget frå opposisjonspartia har i utgangspunktet ikkje fleirtal i Fylkestinget. Dersom ikkje Ap og Sp blir samde, men stiller med kvart sitt forslag, ligg også dei an til å bli nedstemt. Om fylkets fremste ombodsmenn og kvinner greier å gjere vedtak i denne vanskelege saka, blir truleg ikkje avgjort før i sjølve fylkestinget utpå onsdag.