Hopp til innhold

Utnytta parkeringsstreiken

Fleire bilistar tok seg til rette i Bergen i dag.

Video Parkeringsstreik i Bergen

I dag gjekk parkeringsvaktane i Bergen ut i streik. Bjørg Hatlem, direktør i Bergen parkering, sa i går at ho frykta parkeringskaos i Bergen.

LES ÒG: Kan verte parkeringskaos

Tok sjansen

Og i dag var det fleire som tok seg til rette i byen.

– Her er det ein lastebil som står på to stansforbud. Den står på fortau og ved eit stansskilt, seier trafikkbetent Svein Rune Mortensen då NRK er med på ein runde i byen.

Normalt ville han skrive ut ein bot på 500 kroner. Men i dag slepp sjåføren unna.

– Syn hensyn!

Arvid Heggestad er seksjonssjef i Bergen Parkering. Han er nesten alene på jobb i dag.

– Eg håpar folk tenkjer over at det skal gå an å komme seg fram. Då tenkjer eg spesielt på utrykkingskøyrety, men og på varelevering som næringane er avhengige av. Det fryktar eg at folk kan gløyme, seier han.

Han oppmondnar folk å syne hensyn. Og det er ikkje heilt fritt fram. Politiet er ikkje i streik, og vil skrive ut bøter der det er naudsynt.

Trappar opp streiken | Bergen hardest rammet av streik | Hentar ikkje boss | Penger frå Bergen kommune?