Hopp til innhold

Hentar ikkje boss

Frå måndag må bossdunkane stå. BiR er i streik.

Søppelbil
Foto: BiR

Måndag vert det stopp i henting av restavfall i Bergen. Grunnen er at maskinistane på energianlegget til BiR er teke ut i streik.

– Når maskinistane streiker, kan me ikkje ta i mot meir restavfall. Me fyller no opp bunkerane våre, men så er det slutt, seier Tina Skudal, informasjonskonsulent i BiR.

Men streiken kan få positive biverknadar. Løysinga for folk kan nemleg vera å verte flinkare til å kildesortere.

– Henting av papir, metall, glas og farleg avfall går som normalt. Så om folk kildesorterer bra, kan dei unngå for stor opphopning av boss, seier ho.

Folk kan førebu seg

BiR utarbeider no tips til kundane for korleis dei kan komme seg gjennom streiken på best mogleg måte.

  • Kildesorter mest mogleg.
  • Det er ikkje tida for å rydde loftet. Dersom noko avfall kan liggje, bør det liggje.
  • Komprimer bosset god. Då får du plass til meir i dunken.
  • Knyt bossposane godt. Då kan du unngå lukt.
  • Har du til dømes fiskerestar eller rekeskal? Då kan det vera lurt å leggje det i ein tett pose og fryse det.
  • Sett bossdunken i skuggen. Når bosset ikkje vert for varmt, råtner det saktare. Altså mindre lukt.

Når det ikkje er meir plass i dunkane, må bossekkane fram. Og kundane skal sleppe å måtte betale for det ekstra bosset.

– Når streiken er ferdig hentar me alt som vert sett ut. Men me håper jo at streiken ikkje vert langvarig, seier Skudal.

Kan ikkje levere sjølv

I tillegg til stopp i henting av boss, vert gjennvinningsstasjonane stengd frå måndag. Så om ein skal levere noko der, må det skje i helga.

– Og dersom nokon skulle ha ein lur idé om å dumpe restavfallet i naturen, er det strengt forbode, seier Skudal.

BiR vil oppdatere nettsidene sine når det kjem ny informasjon om henting av avfall.