Hopp til innhold

Utanlandske turistar er tilbake for fullt

Sosiale medium og ei svak krone lokkar utanlandske turistar til Noreg. No fyller dei både hotell, campingplassar og cruiseskip.

Cruiseskip i Ålesund havn

Det går mot rekordår i fleire reiselivsbransjar. Vestland Fylke er framleis Noregs største cruisereisemål.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK
Clarion Hotel The Hub i Oslo

Hotelldirektøren ved Clarion Hotel The Hub i Oslo peiker på koronatida som ein naturleg årsak for auke, men fortel at årets tal også utmerkar seg samanlikna med åra før pandemien.

Foto: Anders Fehn / NRK
Bratland camping

Ved Bratland Camping utanfor Bergen har utanlandske turistar fylt campingplassane i heile juni.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Høge fjell og instagramvenlege fjordar. For nordmenn har dette blitt kvardagsleg. Men for utanlandske turistar gjer dette at dei pakkar noregskofferten år etter år.

Og i år meir enn nokon gong.

Jarle Buseth, bransjesjef camping for NHO Reiseliv forteller om et generasjonsskifte i Norsk camping.

– Sesongen 2023 kjem til å bli ein bra sesong, seier ein optimistisk Jarle Buseth i NHO Reiseliv.

Foto: Karen Gjetrang / NRK

Jarle Buseth, bransjesjef for camping i NHO Reiseliv, konstaterer at turistar frå heile verda er tilbake for fullt etter pandemiåra.

– Reiselysten deira for å kome til Noreg er jo like stor som norske si reiselyst for å kome seg til varmare strøk, forklarar Buseth.

Trur på rekord

NHO Reiseliv si medlemsundersøking viser at 27 prosent av reiselivsbedriftene i Noreg ventar fleire utanlandske gjestar i sommar enn i fjor.

Vestland skil seg ut, der halvparten av bedriftene ventar seg ein auke i utanlandske gjestar.

Buseth drar mellom anna fram Lunde Camping i Aurland kommune, som har mottatt bestillingar frå gjestar frå 46 ulike nasjonar i sommar.

Ei anna campingverksemd som har fått merka dette på kroppen er Bratland Camping utanfor Bergen.

– Juni i år var rekord. Vi trudde den største rekorden var i fjor, men den blei slått, seier dagleg leiar Stian Bratland.

– Korleis er det for deg som jobbar her?

– Endå meir å gjere og lengre arbeidsdagar.

Stian Bratland i Bratland Camping

Bratland Camping har hatt ein travel start på sommaren: – Det er mykje fleire bubilar i år enn i fjor ja, seier dagleg leiar Stian Bratland.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

78 prosent av campingverksemder melder til NHO Reiseliv om like mange eller fleire bestillingar enn i 2022.

Buseth håpar campingnæringa slår fjorårets rekordhøge 8,6 millionar gjestedøgn:

– Med ein så god juni, og vi veit at mange utlendingar ynskjer å komme hit i august og september, så klarer vi kanskje å krysse 9 millionar.

Dyrare hotellrom

Også hotella merkar auken.

I Bergen har ein sett over 30 prosent auke i talet gjestar, noko som har ført til at snittprisen per hotellrom ligg 1000 kroner høgare enn på same tid i fjor.

Til NTB fortel Strawberry-kjeda (tidlegare Nordic Choice) om 40 prosent auke i talet hotellbestillingar. Thon Hotels melder om 20–25 prosent fleire bestillingar enn i fjor.

– Utan at vi har nokon fasit endå, ser både vi i Oslo og rundt omkring i landet at det er fleire internasjonale gjestar som reiser til Noreg i sommarsesongen i år enn det vi har sett dei siste åra, fortel direktør André Schreiner ved Clarion Hotel The Hub i Oslo.

På hotellet hans har amerikanske Rick og Robin Swenson nettopp flytta inn:

– Dette er mi første, lange reise sidan nedstenginga. Det føles så bra, seier Robin Swenson.

Amerikanske Rick og Robin Swenson utanfor The Hub

Første stopp for ekteparet Robin og Rick Swenson er Oslo. Derifrå skal dei ta toget vidare til Bergen.

Foto: Karoline Johannessen Litland / NRK

Sosiale medium gode pådrivarar

Ei svak norsk krone kan vere ei årsak til at ein ser auken i utanlandsturismen.

Den gjer det dyrare for nordmenn å feriere i utlandet. For utanlandske turistar verkar det motsett. Dette kan norske reiselivsbedrifter juble for.

Buseth i NHO Reiseliv peikar også på at fleire utlendingar hadde planar om å feriere i Noreg i pandemiåra 2020 og 2021, men at dette måtte setjast på vent.

Ei anna forklaring er ifølge Buseth knytt til omtale og publisitet:

– Instagram og andre sosiale medium har vore veldig gode pådrivarar i 2020, 2021 og 2022. Flotte bilde frå flotte plassar i Noreg er med på å utløyse reiselysta.

Jølstravatnet

Er det plassar som Jølster turistane kjem for å sjå?

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Flotte plassar var årsaka til Pawel Jaworski og kona pakka bubilen og reiste frå Polen til Bergen:

– Natur, natur, natur. Ein utruleg plass. Eg elskar måten de respekterer naturen på.

Ekteparet Jaworski med hund

Ekteparet Jaworski har tatt med seg hunden på ferietur. Dei meiner camping er den beste måten å reise på dersom ein ønsker å sjå mest mogleg av landet.

Foto: Therese G. Pisani / NRK
Silke Brûhl og Gunnar Brûhl. Tyske turistar

I fjor var Gunnar og Silke Brûhl i Nord-Noreg. I år har dei lagt turen lengre sør. – Det er umogleg oppleve heile Noreg på fire veker, forklarar Silke.

Foto: Therese G. Pisani / NRK
Tyske Birgith Betz

Tyske Birgith Betz veit ikkje kor turen går vidare, men ho håpar på isbresafari.

Foto: Therese G. Pisani / NRK

Cruiseturisme: – Det er deilig å vere dansk i Noreg

Ein bransje som livnærer seg på å lokke med flotte naturopplevingar, er cruiseskipsturismen.

Også her går næringa ein veg.

– Noreg er eit veldig populært reisemål også for cruiseturistar, seier Inge Tangerås i Cruise Norway.

Cruise Norway lagde i forkant av året ein prognose på 14 prosent vekst i 2023 samanlikna med 2022.

Denne berekninga ser ut til å treffe blink, og vel så det.

Color Line melder denne sommaren mellom anna om ein auke på 25 prosent fleire nederlandske gjestar og 20 prosent fleire frå Danmark.

– No syns danskane at det er deilig å vere dansk i Noreg, seier marknadssjef i Color Line, Line Moland Andersen

Dagleg leiar i Ålesund Cruisenettverk, Monica Berstad Mæland, forklarar at deira 47 medlemsbedrifter melder om ein omsetnadsvekst på mellom 20 og 70 prosent frå i fjor.

– Kva skuldast det?

– Fleire brukar musea og kafeane. Dei handlar i butikkane på musea, og når dei kjem tilbake til byen frå utflukter, så handlar dei i ulike butikkar, forklarer Mæland.

Monica Berstad Mæland, daglig leder Ålesund Cruisenettverk

– Dette er den beste sesongen nokosinne i Ålesund. Vi har aldri hatt så mykje cruiseturistar, og det ser ut som at det blir eit rekordår, seier Monica Berstad Mæland.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK