Hopp til innhold

Fiskarar kranglar om minstemål på brisling

Skal minstemålet på brisling aukast? Det er eit spørsmål som brislingfiskarane er rykande usamde om. Skipper Tommy Engdal på «Vårbud» av Solund meiner ein slik auke vil sette ein stoppar for fisket i Sognefjorden.

Lasting av brisling

FOR MYKJE LITEN BRISLING? Det er usemje om minstemålet på brislingen skal aukast eller ikkje.

Foto: Vårbud

I haust er det fiska rundt 1100 tonn brisling berre i Sognefjorden. «Vårbud» har aldri hatt betre fiske, båten har til no selt 415 tonn til King Oscar.

Men brislingen inst i Sognefjorden er liten av storleik. Engdal seier at berre 70 av dei 1100 tonna som er fiska i år er brisling over ti centimeter, når ein ikkje reknar med utkast. Når Kvinnherad og Hardanger fiskarlag vil auke minstemålet frå ni til ti centimeter vil det sette ein stoppar for fisket i fjorden, seier han.

– Aukar dei minstemålet får vi ikkje fiske brisling i Sognefjorden. Det er heilt idiotisk. Det har aldri vore så mykje brisling i fjorden som det er no, og det er mykje yngel. Dei kjem med dette framlegget utan å ha snakka med dei fiskarane som driv med dette fiskeriet.

– Vil ha opp bestanden

Men leiar Roar Benjaminson i Kvinnherad og Hardanger fiskarlag meiner det er fornuftig og framtidsretta å auke minstemålet.

– Vi ynskjer å sikre oss at vi ikkje haustar på ressursar som ikkje har fått fornya seg, at brislingen ikkje får gytt får han blir hausta. Vi vil ha opp brislingbestanden slik at vi kan ha eit meir jamnt uttak årleg.

Tommy Engdal seier at dersom det blir eit minstemål på ti centimeter har det ikkje noko for seg å fiske i Sognefjorden.

Dette er ikkje Benjaminson samd i.

– Det meiner vi er tull. I laget vårt vil eg påstå at det sit mest erfaring med brislingfiske i Norge. Vi har diskutert det grundig i laget, og har funne ut at auke av minstemålet er det beste.

Brislingbåten Vårbud av Solund

HAR FISKA GODT I HAUST: Brislingbåten «Vårbud» av Solund har fiska nær 500 tonn brisling i indre Sogn i haust.

Foto: Vårbud

– Forsvinn til havs

Engdal meiner at dersom det ikkje blir fiska i Sognefjorden så vil det føre til at brislingen forsvinn frå fjorden.

– Når det ikkje blir fiska så aukar bestanden slik at det ikkje er nok mat til brislingen i fjorden. Dermed stikk han til havs.

Dette trur ikkje Roar Benjaminson noko på.

– Vi meiner at den fisken som står i til dømes Lustrafjorden ikkje stikk til havs før han er ti centimeter.

Benjaminsen var fem dagar i Sognefjorden i haust, men forlet fjorden fordi dei syntest brislingen var for liten.

– Vi målte han til 142 på kiloen, og vi fekk heilt hakeslepp. Det vi hadde fått opplyst frå dei andre som fiska der var at det skulle vere rundt 132 på kiloen.

– Men «Vårbud» har fiska heile hausten i indre Sogn. Meiner du at det Enghav driv med ikkje er berekraftig?

– Eg skal ikkje seie at «Vårbud» driv eit fiske som ikkje er berekraftig. Dette er ei sak som både sildelaget og King Oscar må ta kritikk for, meiner vi. Det er lagt ut kriterier for kva storleik fisken skal halde, og den brislingen vi fekk var langt frå dei kriteria.

Tommy Engdal vil ikkje ha på seg at han har gjort noko ulovleg.

– Båten Benjaminson var med fiska og leverte av same brislingen som vi andre. Kvifor gjorde dei det dersom brislingen var for liten? I tillegg vil eg ha fram at alle båtane forlet Lustrafjorden den gongen fordi fjorden vart stengd for fiske.

– Og båten Benjaminson var med var den siste som for ut. Dei lyste etter brisling heilt til stenginga var eit faktum.

Samd med Engdal

Båten «Hosøybuen» frå Ostereidet har fiska 250 tonn brisling i indre Sogn i haust. Skipper Arnold Hosøy seier at dei heldt seg til dei kriteria som var, og at det ikkje var noko problem med å få levert brislingen.

Hosøy er samd med Tommy Engdal i at ein kan gløyme å fiske i Sognefjorden dersom minstemålet blir auka til ti centimeter.

Roald Oen i Norges Sildesalslag seier at dei hadde ein kontrollør i Lustrafjorden i haust, og at dei då fann ut at brislingen i inste delen av fjorden var for liten og at det området då vart sperra for fiske.

Utover det har han ikkje grunnlag for å seie noko om storleiken på den brislingen som er fiska.

– Vi lit på at det som er meldt inn stemmer, og fiskarane har fått levert fangstane sine til King Oscar.

Vil heller korte inn fisketida

Else Torstensen i Havforskingsinstituttet meiner at ein auke i minstemålet ikkje vil ha særleg stor effekt.

– Eg trur ikkje dei greier å fiske rein brisling over ti centimeter, du får inn ganske mykje smått.

– Så det har ikkje så mykje å seie om minstemålet er ni eller ti centimeter, med andre ord?

– Nei, det trur eg ikkje.

Ho har meir tru på å korte inn fisketida.

– I dag kan fisket opne alt 1. august. Med eit stort fiske tidleg på hausten risikerer ein å få med ein litt for stor del av fisk under ni centimeter. Ein måte å regulere på er å ha seinare opning av fisket slik at brislingen blir teken på seinhausten.