Hopp til innhold

UP-jakt på mc blir granska

Jakta på ein motorsyklist i Nordfjord søndag er meld inn for Spesialeininga for politisaker. Årsaka er at det var ein liten samanstøyt mellom ein UP-bil og motorsykkelen.

UP-bil

SAMANSTØYT: Motorsykkelen var borti framskjermen på politibilen. Arkivfoto.

Foto: Yngve Tørrestad / NRK

Det starta då ein motorsyklist frå Austlandet nekta å stogge for politiet under ein fartskontroll ved Grotli på riksveg 15 over Strynefjellet.

Målinga viste at han køyrde i minst 131 kilometer i timen i 90-sona.

Oppe i 140 i 80-sona

Politiet tok opp jakta på motorsyklisten som rasa vidare vestover i høg fart inn i Sogn og Fjordane. Ei måling som vart gjort under forfølginga viste 140 kilometer i timen i 80-sone. Dei såg motorsykkelen heile tida, men heldt seg på avstand for at det ikkje skulle oppstå farlege situasjonar, fortel sjef for UP-distrikt 2, Tor Magne Kalland.

– Farten auka noko, det vart teke nokre målingar undervegs. Patruljen tok kontakt med Operasjonssentralen i Florø med tanke på å få sett opp ein stoppost. Det var liten trafikk på vegen, og difor vart det vurdert slik at det ikkje var grunn til å avbryte jakta.

Øystein Krogstad

STOPPOST I SKREDESTRANDA: Motorsyklisten let seg ikkje stanse av ein politimann. Arkivfoto.

Foto: Benedicte Goa Ludvigsen / NRK

Nekta å stanse i Skredestranda

I Stryn tok motorsyklisten av mot Nordfjordeid. Ein polititenestemann vart plassert i Skredestranda ved Hornindalsvatnet for å prøve å stanse han, men politimannen trekte seg tilbake då han såg at motorsykkelen ikkje viste teikn til å stogge.

Men ved vegkrysset på Hjelle i Eid enda ferda, etter 11 mils jakt. I ein sving måtte motorsyklisten sette farten så mykje ned at UP-bilen kom seg forbi. Då motorsyklisten prøvde å passere politibilen igjen trefte han bilen i framskjermen og velta.

– Dette skjedde i så låg fart at det ikkje vart skade korkje på personen eller køyretøya.

Sette seg til motverge

Men motorsyklisten gav seg ikkje med det. Han prøvde å få sykkelen på vegen att, men vart hindra av dei to UP-betjentane. Då sette han seg til motverge, men måtte gje tapt for overmakta.

No er saka meld til Spesialeininga for politisaker, slik det er rutine når det oppstår slike situasjonar, seier Kalland.

– I og med at det var kontakt mellom køyretøya må saka til vurdering i Spesialeininga.

– Men her kunne vel motorsyklisten ha sleppt unna med ei bot eller ei inndraging av førarkortert for ein kortare periode om han hadde stansa i kontrollen. No blir det vel meir?

– Ja, det å unndra seg ein politikontroll er ei sak for seg sjølv, og her var mannen oppe i høgare fart under jakta enn det han hadde då han passerte kontrollen. Kvifor han valde å stikke av kan berre han sjølv svare på, men det var vel kanskje fordi han var usikker kor fort han køyrde.