Hopp til innhold

UP hadde høyrt rykte om høg fart her - og dét fekk dei rett i...

Tre bilistar mista førarkortet då UP heldt fartskontroll i 80-sona i Støylsnestunnelen på riksveg 5 i Kjøsnesfjorden i Jølster. I tillegg fekk 14 bilistar forenkla førelegg.

Støylsnestunnelen

HARDE PÅ GASSEN: Mange bilistar fekk ei påminning om kva fartsgrense det er i Støylsnestunnele då dei vart stoppa av UP.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

– Vi hadde ei aning om at fartsnivået her var høgt, og det vekk vi stadfesta, seier politioverbetjent i UP, Einar Vereide.

Den tre og ein halv timar lange fartskontrollen vart hektisk for politipatruljen på vakt.

14 bilistar fekk forenkla førelegg, her var høgste fart målt til 113 kilometer i timen. I tillegg må tre bilistar klare seg utan førarkort i eit tidsrom på mellom tre og seks månadar etter å ha vorte tekne i 117, 120 og 122 kilometer i timen.

Skadepotensialet er stort

Tidlegare har det ikkje alltid vore teknisk mogleg for politiet å kontrollere fart inne i tunnelar, men med det nye naudnettet på plass, opnar det seg nye moglegheiter.

– Viss folk trur vi ikkje kontrollerer fart i tunnel, må dei tru om att, seier Vereide.

Han legg ikkje skjul på at politiet ser svært alvorleg på så høg fart.

– Vi ser alvorleg på all fartsoverskriding. Men når ein veit kor stort skadeomfanget kan bli i tunnel dersom noko går gale, så er det ekstra ille, seier Vereide.

Blant dei totalt 17 bilistane som vart stoppa for høg fart, var det både kvinner og menn. Og felles for dei alle, var at dei var godt vaksne.

Stort sett innrømmer bilistane sine feil

– I tillegg stoppa vi éin buss. Elles var det personbilar. Det er stort sett dét når ein snakkar om slike hastigheiter, seier Vereide.

– Korleis reagerer folk når dei vert stoppa i så høge hastigheiter?

– Nokon blir litt flaue, andre legg seg flate, nokon vert fortvila, medan andre vert sinte. Det er heile registeret. Men stort sett erkjenner folk at dei har gjort ein feil, seier Vereide.

Fartsoverskridingar merkast fort på lommeboka. Fleire kunne i dag køyre vidare med forenkla førelegg på opp til 7.800 kroner.

Ikkje ekstremt mange

Dei tre som vart fråtekne førarkortet, kan vente seg bøter i storleiken 10.000 kroner.

Sjølv om fangsten for UP i dag var stor, påpeikar Vereide at det dessverre ikkje er sjeldan kost.

– Tre beslag er mykje på ein kontroll. Men ser vi på talet på forenkla førelegg, så er det ikkje ekstremt. Vi har hatt liknande. Seinast i Våtedalen der vi var oppe i både 30 og 40. Det er behov for at vi er her ute, og det kjem vi til å halde fram med, seier Vereide.