Hopp til innhold

Vil ha meir økologisk mat

- Produksjon av økologisk mat vil gje levande bygder, hevdar Unni Underdal.

Unni Underdal
Foto: Privat

Vi har spurt toppkandidatane kva dei meiner om nokre aktuelle problemstilingar for Sogn og Fjordane.

1. Kor aktuelt meiner du det er å bruke bompengar for å betale for samferdselsprosjekt?

– I utgangspunktet meinar eg det er ei stateleg oppgåve å sikre samferdsel. Men eg meinar at det ikkje bør setjast i gang nye vegprosjekt før andre alternativ for samferdsle er utgreidd seriøst. Til dømes bør jernbaneutbygging og miljøvenlege båtruter vurderast, i tillegg til styrking av kollektivtrafikk med buss. Og då meiner eg at miljø må vere ein like viktig faktor som økonomi. Samferdselsprosjekt som skal sikre rasutsette strekningar eller å legge vegar utanfor bustadområde og skular bør betalast av staten.

2. Kva meiner du bør skje med den planlagde 420 kV kraftlinja tvers gjennom fylket?

– Dei framtidige konsekvensane for miljøet er ikkje tilstrekkeleg utgreidd. Traseén er vald ut frå økonomiske omsyn, og bør difor skrinleggast inntil vidare.

3. Kva vil du gjere for få slutt på fråflyttinga frå fylket?

– Mange unge vil ut av dei store byane, difor må vi legge til rette for at dei skal velje Sogn og Fjordane. Det kan innførast buplikt, slik at det bur folk i husa året rundt. Vi må ta vare på dei kvalitetane vi har, og vere stolte av dei for å trekke til oss folk. Både natur og kultur er viktig, og må kunne nyttast og nytast. Naturen må kunne nyttast som ressurs til næring og fritid, men på ein måte som er har solidaritet med miljø og framtidige generasjonar i botn.
Det rike kulturlivet i fylket må vi ta vare på og utvikle, og ikkje minst gjere tilgjengeleg. Arbeidsplassar må leggast til rette for og utviklast på ein måte som ikkje er til skade for natur og kultur, og ikkje berre ut ifrå kortsiktig økonomisk vinning.

4. Kva meiner du må gjerast for at Helse Førde skal kome ut av dei økonomisk problema?

– Helseføretakmodellen med stykkprisfinansiering bør revurderast. Å drive helseføretak etter forretningsprinsipp bør erstattast av ein modell der helseføretaket får dei midlar dei har behov for, samordna med meir forebyggande arbeid. Generelt bør helsepolitikk generelt prioritere sterkare det forebyggande arbeidet.

5. Kva er det viktigaste du som politikar vil gjere lokalt for miljøet?

– Arbeide for auka tilgang til lokalprodusert og økologisk mat. Det vil føre til levande bygder, naturressursar blir forvalta på ein god måte, og transportbehovet vil reduserast. Sogn jord- og hagebruksskule er i denne samanhengen ein viktig aktør med den kunnskap og erfaring som skulen har på området økologisk landbruk og sunn samfunnsutvikling. Skulen er den einaste heiløkologiske landbruksskulen i landet og trekk til seg studentar frå heile Noreg. Det er difor viktig å sikre drift og utvikling av SJH.
Arbeide for å sikre trygge gang- og sykkelvegar.

Arbeide for auka fokus på kjeldesortering for å gjere den enkelte bevisst på forbruket sitt. Dersom fylket har som uttalt mål å redusere mengda avfall, og administrasjonen i kommunane fylgjer opp, vil det kunne påvirke den einskilde sogning til å redusere forbruket sitt. Kvar sogning kastar i gjennomsnitt 450 kg hushaldningsavfall i året.

Arbeide generelt for å hindre inngrep i naturen som får konsekvensar for framtida, dersom desse ikkje er grundig utgreidde.

Litt meir personleg:

1. Kva har vore avgjerande for partivalet DITT?

– Solidaritet med naturen, dyr og menneske, uavhengig av kultur og landegrenser, også i framtida. I tillegg til ideen om livskraftige lokalsamfunn, med sterkt lokaldemokrati som utgangspunkt for globalt samarbeid.

2. Kva sak er den viktigaste for DEG å kjempe for dei neste fire åra?

– Legge til rette for tilgang på rein mat for alle. Her tenker eg særleg på økologisk mat og kampen mot GMO, noko som er spesielt viktig for utviklingsland. Økonomi skal ikkje være til hinder for å velge sunn mat. Her i landet vil det å fjerne mva på økologisk mat vil være viktig.

Å redusere transport i samband med mat er også viktig. Slaktedyr må kunne slaktast lokalt istaden for å transporterast i timevis under stressa forhold. Mat bør generelt foredlast lokalt i den grad det er mogeleg. Det er t.d. ingen god ting at fisk frå nordsjøen blir sendt til Kina for pakking før den havnar i frysedisken att her.

3. Kva er viktigast for deg i valet av politiske samarbeidspartnarar?

– Partitilknyting er mindre viktig. Det som tel er samarbeidspartnarar som er solidariske med natur og menneske.

4. Kva parti vil du helst samarbeide med på Stortinget?

– Sjå svaret over.

5. Kva parti vil du samarbeide minst med?

– Frp og Høgre er to av dei partia som ligg lengst vekk frå min politiske ståstad.